Klage på privatisteksamen

Du har rett til å klage på eksamen. Fristen for å klage er 10 dagar frå du blei kjend med eller burde gjort deg kjend med resultatet.

På skriftleg eksamen kan du klage på eksamensresultatet medan du på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen berre kan klage på formelle feil som du meiner har påverka eksamensresultatet ditt.
 

Klage på skriftleg privatisteksamen

  • Du kan klage på karakteren
  • Klagefristen er 10 dagar
  • Klagen skal ikkje grunngjevast

Klagesensur er ikkje ein ny sensur på fritt grunnlag. Klagenemnda skal vurdere om karakteren du har fått er rimeleg i høve til eksamensprestasjonen. At eksamenssvaret er noko strengt vurdert, er ikkje nok til å heve karakteren. Du må vere merksam på at karakteren også kan setjast ned.

Du klagar på karakteren i privatistportalen.

Klage på skriftleg privatisteksamen våren 2026

Resultata frå skriftleg privatisteksamen er publisert i  privatistportalen 

Dersom du ønskjer at klagen din skal behandlast før sommarferien, må du sende klagen så fort som mogleg, og innan denne datoen:

Det er hurtigklagebehandling for desse faga:

norsk, matematikk, fysikk, kjemi, biologi, teknologi og forskningslære, kommunikasjon og kultur, medie- og informasjonskunnskap, treningslære 2, engelsk, tysk, fransk, spansk, rettslære, geofag 2, samfunnsøkonomi, markedsføring og ledelse, entreprenørskap og bedriftsutvikling, sosialkunnskap, politikk og menneskerettigheter, informasjonsteknologi, økonomistyring, økonomi og ledelse, historie og filosofi, reiseliv og språk, psykologi, mediesamfunnet 3.

På munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil som har hatt betyding for resultatet. Du kan ikkje klage på karakteren.

Du klagar ved å fylle ut det digitale skjemaet på høgre side.

Klagen din blir sendt til ei nemnd som skal avgjere om det har skjedd formelle feil eller ikkje.

Om du får medhald i klagen din, blir resultatet annulert og du får ta ny eksamen. Klagebehandlinga vil ikkje gå ut over det opprinnelege eksamensresultatet.

Ny eksamen blir i neste eksamensperiode.