Godtgjering for oppgåveproduksjon, sensur og anna eksamensarbeid

Her finn du Vestland fylkeskommune sine retningslinjer for sensur, oppgåveproduksjon og anna eksamensarbeid. Denne siden viser eit utdrag frå dei originale retningslinjene av delen som omhandlar privatisteksamen. Retningslinjene er drøfta med tillitsvalde 28.03.2022 og gjeld til dei blir endra.

1. Timelønssats 

Timelønssatsen for sensur og anna arbeid vert rekna ut slik: 

Toppløn i KS/HTA-tabell over minimumsløn (høgaste ansiennitet) for lektor med tilleggsutdanning med topp ansiennitet dividert med 1687,5 årstimar

2. Sensur

2.1. Godtgjering til eksaminator og sensor på munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

 

2.1.1. Munnleg eksamen

Forarbeid

Konferanse

Eksaminasjon

Etterarbeid

35 minutt per kandidat

1 time per eksamensparti

30 minutt per kandidat

5 minutt per kandidat

2.1.2.  Munnleg-praktisk eksamen 

Forarbeid

Konferanse

Eksaminasjon

Etterarbeid

35 minutt per kandidat

1 time per eksamensparti

45 minutt per kandidat

5 minutt per kandidat

 

Gjeld både munnleg og munnleg-praktisk eksamen

a) Tidsforbruk ut over det som er oppgitt tabellen over må grunngjevast særskilt.

b) Ikkje frammøtte kandidatar: 40 minutt per kandidat. Dersom kandidaten har trekt seg to dagar før eksamen startar, vert det ikkje betalt godtgjersle.

c) Minimumshonorar: 5  timar

d) Dersom partiet fell vekk mindre enn 2 veker før eksamen: 2 timar  

e) Dersom partiet fell vekk mindre enn 48 timar før eksamen: 3 timar 

f) Dersom partiet fell vekk på eksamensdagen: 5 timar  

g) Privatistar: Ordinært honorar (i tabellen over) pluss 20%

2.1.3. Praktisk eksamen

Forarbeid

Konferanse og eksaminasjon og etterarbeid

30 minutt per kandidat, minimum 2 timar per parti

Brukt tid

 

a) Tidsforbruk ut over det som er oppgitt tabellen over må grunngjevast særskilt.

b) Dersom partiet fell vekk mindre enn 2 veker før eksamen:2 timar  

c) Dersom partiet fell vekk mindre enn 48 timar før eksamen: 3 timar 

d) Dersom partiet fell vekk på eksamensdagen: 4 timar  

e) Privatistar: Ordinært honorar (tabell over) pluss 20%.  Forarbeid: 1 time per kandidat, minimum 5 timar per eksamensparti, i forarbeidet inngår oppgåveproduksjon.


2.2. Skriftleg eksamen i enkeltfag for elevar og privatistar

Eksamenstid

For- og etterarbeid

Minutt per eksamenssvar

Inntil 3 timar

4 timar

22

4 timar

5 timar

24

5 timar

6 timar

26

6 timar

7 timar

28

 

a) Minimumshonorar: 5 eksamenssvar

b) Klagesensur: Ordinært honorar pluss 25%


2.3. Endra eksamensform:

  1. a) Skriftleg-munnleg eller munnleg eksamen i skriftlege fag vert godtgjort som munnleg eksamen.
  2. b) Skriftleg eksamen i munnlege fag vert godtgjort som skriftleg eksamen med eksamenstid inntil 3 timar.


2.4. Uttale ved klage på formelle feil

Uttale ved klage på formelle feil vert godtgjort for brukt tid inntil 2 timar.


3. Oppgåveproduksjon og kvalitetssikring


3.1. Skriftleg eksamen

Vestland fylke deltek i landssamarbeid for å utvikle eksamensoppgåver til lokalt gitt skriftleg eksamen med lokal sensur. I samarbeidet er det avtalt at det skal vere to oppgåveforfattarar og ein kvalitetssikrar for kvar oppgåve.

Sjå gjeldande oppdragsbrev i Teams (EPS).

a) Oppgåveforfattarar: Brukt tid inntil 2 x eksamenslengde. Tidsforbruk ut over dette må grunngjevast særskilt.

Oppgåveforfattarar skal vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål på eksamensdagen.

b) Leiar i oppgåvenemnd: inntil 10 timar.

c) Kvalitetssikrar: Brukt tid inntil 1x eksamenslengde. Tidsforbruk ut over dette må grunngjevast særskilt.


3.2. Praktisk eksamen 

Privatistar: Tid til oppgåveproduksjon er lagt inn i forarbeidstida for sensorane. Sjå punkt 2.1.3.e.

4. Realkompetansevurdering

  • Heile læreplanen i yrkesfaglege programområde: inntil 5 timar
  • Einskildfag i yrkesfaglege programområde: inntil 2 timar
  • Einskildfag fellesfag inntil 3 timar
  • Norsk (14-timarsfaget) inntil 6 timar
  • Ekstra tid inntil 1 time

Tidsbruk er reell brukt tid inkludert føre- og etterarbeid. Samtalen med kandidaten bør ikkje overstige 3 timar. Om det trengst meir tid til dømes til praktiske øvingar, må dette dokumenterast.

5. Utbetaling av honorar

For munnleg og munnleg-praktisk blir honoraret utrekna automatisk i Visma InSchool (VIS). For praktisk eksamen skal sensor registrere brukte timar i VIS. 

For sensur av skriftleg eksamen skal det ikkje registrerast brukte timar. Honoraret blir utrekna automatisk etter gjeldande satsar (sjå punkt 2.2), og deretter utbetalt.

Dersom anna ikkje er avtala, skal alle andre typar honorar førast elektronisk i HR-portalen på skjema Variable tillegg og trekk.

6. Reise- og kostgodtgjersle

  1. a) Reise- og kostgodtgjersle vert utbetalt etter gjeldande regulativ. Reise- og kostgodtgjersle blir ikkje utbetalt når ein sensurar på eigen skule.
  2. b) Alle reiserekningar skal førast i fylkeskommunen sitt reiserekningssystem.