Informasjon til sensorar og oppgåveprodusentar
Godtgjering sensoroppdrag
På høgre side finn du lenke til retningslinjer for godtgjering av sensoroppdrag på privatisteksamen.
Ikkje tilsett i Vestland fylkeskommune?
Du som ikkje er tilsett i Vestland fylkeskommune og har utgifter i samband med sensur av eksamen, skal bruke refusjonsskjemaet (lenke høgre side).
Døme på utgifter kan vere reise- og parkeringskostnadar og/eller andre utlegg.
Tilsett i Vestland fylkeskommune?
Sensorar som er tilsette i Vestland fylkeskommune skal bruke ADtravel til utlegg, men må gjere dette på ein litt annan måte enn tidlegare.
Les meir om korleis du konterer riktig i ADtravel
Lenke til ADtravel finn du på høgre side.
Godgjering for oppgåveproduksjon
Alle som produserer oppgåver for Vestland fylkeskommune ved lokalt gitt skriftleg eksamen (nytt eksamenssystem) skal bruke skjemaet i lenkemenyen for å registrere utført oppdrag.