Slik blir du godkjend lærebedrift
Ei lærebedrift er ei bedrift som er godkjend for å teikne kontrakt med lærlingar, lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og fagbrev på jobb-kandidatar.
Som lærebedrift tar du samfunnsansvar og er med å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i Vestland fylke.
Kvifor bli lærebedrift?
Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar.
- De mottar eit tilskot for kvar lærling de tar inn
- De får skreddersy ein ny tilsett.
- De sikrar rekruttering av kompetente medarbeidarar
Kven kan bli lærebedrift?
For å bli godkjend som lærebedrift må bedrifta di:
- kunne gi opplæring i Vg3-læreplanen for faget, anten sjølv eller i samarbeid med andre.
- ha ein person som kan vere fagleg leiar og ha ansvar for og tilsyn med opplæringa. Denne personen må sjølv ha fag- eller sveinebrev i det aktuelle lærefaget. I enkelte tilfelle kan annan kompetanse som er relevant godkjennast, t.d. meisterbrev eller relevant høgare utdanning.
- utarbeide ein intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen får opplæring i samsvar med læreplanen.
- lage internkontrollsystem for opplæringa.
- fagleg leiar må fullføre første del av ei to-delt obligatorisk opplæring for nye lærbedrifter. Dette må gjerast før bedrifta endeleg kan bli godkjend som lærebedrift.
- Etter godkjenning må fagleg leiar ta del to av obligatorisk opplæring som er eit dagskurs/webinar.
Meir informasjon om e-læringskurset for nye lærebedrifter og fagleg leiar finn du under.
Samarbeid mellom lærebedrifter – deling av ansvar
Samarbeidande lærebedrifter (opplæringsforskrifta § 6-14) må avtale kva delar av opplæringa kvar bedrift skal gjennomføre, og kva bedrift som har ansvaret for følgjande:
a. samtale om utvikling
b. halvårsvurdering
c. oppmelding til eksamen og fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve
d. rapportering til fylkeskommunen, årleg og etter behov
Det skal gå fram av kontrakten om opplæring korleis ansvaret er fordelt.
Fylkeskommunen gir tilskot til lærebedrifta som kontrakten om opplæring er inngått med. Lærebedrifter som samarbeider om opplæringa, må avtale seg imellom om korleis tilskotet skal fordelast.
Krav i opplæringslova
Opplæringslova stiller krav til lærebedriftene. Fylkeskommunen kan rettleie deg om desse oppgåvene. Samarbeider du med eit samarbeidsorgan kan du også få hjelp der.
Korleis bli lærebedrift
For å finne ut om bedrifta di kan bli godkjent som lærebedrift kan du lese læreplanen. Ta kontakt med Rettleiingstenesta dersom de har spørsmål.
Finn læreplanen for faget du ønskjer å gi opplæring i
Når de søkjer:
- Fyll ut det digitale søknadsskjema
- Legg ved dokumentasjon på fagleg leiar sine kvalifikasjonar
- Legg ved kursbevis for det obligatoriske nettkurset som faglege leiarar og instruktørar må gjennomføre
- Legg ved samarbeidsavtalen dersom bedrifta kjøper tenester frå eit samarbeidsorgan
- Dagleg leiar, fagleg leiar og innsendar må signere skjemaet.
E-læringskurs for nye lærebedrifter, fagleg leiar og instruktørar
E -læringskurset er del 1 av den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar.
Kurset er på ca. 45 minutt og er eit ledd i kompetanseutviklinga. Det skal vere med å sikre at alle nye lærebedrifter og faglege leiarar får same informasjon og opplæring om rolla si og ansvaret sitt.
Faglege leiarar må i tillegg til e-læringskurset kurset ta del 2 i den obligatoriske opplæringa. Det er eit dagskurs/webinar i regi av Vestland fylkeskommune. Du vil på slutten av e-læringskurset få opp ei lenke der du kan melde deg på dette.
Når du har gjennomført kurset får du eit kursbevis. Dette legg du ved søknaden om å bli godkjent som lærebedrift.
Det er også høve for instruktørar å delta på denne opplæringa.
Registrerer du deg for å ta kurset
Logge inn for å repetere kurset eller for å finne kursbeviset ditt.
Tilskot til lærebedrifter
Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen. Beløpet er avhengig av kva type lærling du tar inn.
Les meir om ulike typer tilskot her (Utdanningsdirektoratet)