Karriererettleiing til nykomne flyktningar
Er du rettleiar i introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar eller fordrivne (Ukraina)? Ta kontakt med Karriere Vestland for å bestille time til dei som skal ha rettleiing.
Karriere Vestland tilbyr karriererettleiing til nykomne flyktningar/fordrivne med rett og plikt etter integreringslova.
Karriererettleiinga skal bidra til at den einskilde flyktning kan ta informerte val om arbeid og utdanning, og at introduksjonsprogrammet blir tilpassa den einskilde sine behov.
Kva tilbyr vi til dei med rett og plikt?
Vi nyttar Vestlandsmodellen i vår karriererettleiing etter introduksjonslova. Som hovudregel vil ei rettleiing innehalde dette:
- Førebuing: Digitalt kontaktmøte mellom kommunen og Karriere Vestland.
- Samtale 1: Rettleiingssamtale
- Samtale 2: Oppfølgingssamtale og oppsummeringsmøte med kommunen. Karriere Vestland leverer karrierenotatet i IMDi-nett.
Kva tilbyr vi dei med mellombels kollektivt vern (Ukraina)?
Grupperettleiing på 3 timar til personar som har rett til karriererettleiing etter dei førebelse endringane i integreringslova, kap. 6A.
Dette gjeld fordrivne frå Ukraina.
Når skal du bestille rettleiinga?
Du må bestille rettleiing/gruppemøte allereie ved busetjing. Dette er for å sikre at vi kan levere innan både dykkar og våre fristar.
Korleis bestiller du rettleiing?
Ta kontakt med rettleiaren som har ansvar for din kommune.
Kven dekkjer kostnadane?
Karriere Vestland dekkjer kostnaden og tingar tolk når introduksjonsdeltakarar får karriererettleiing frå oss.