Karriererettleiing for ungdom i skule
Veit ikkje du heilt kva du "vil bli"? Rådgjevarar i ungdomsskulen og vgs tilbyr karriererettleiing til deg som er elev.
Karriererettleiinga skal hjelpe deg som er elev til å:
- bli bevisste og få meir kunnskap om deg sjølve, eigne interesser og føresetnader
- få meir kunnskap om yrkes- og utdanningsvegar
- utprøving og praksis
Målet er at fleire gjennomfører vidaregåande opplæring.
Kompetansenettverk for karriere
Kompetansenettverket skal vere ein arena for læring, deling av kunnskap og utvikling av kompetanse.
Kompetansenettverket er avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse sitt viktigaste verktøy for å strukturere, leie og utøve kompetanseutvikling på tvers for karriererettleiarane i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.
Kvalitetsrammeverket for karriere er rammeverket nettverket skal ha som utgangspunkt for å utvikle kvaliteten.
Kompetansenettverket skal:
- Styrke rådgjevarane sitt arbeid med det nye kvalitetsrammeverket for karriere.
- Vere ein fagleg ressurs for skulane og avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse.
- Hjelpe skulane med å arbeide systemretta med karriere
- Hjelpe skulane til å få lærarane til å dra karrierelæring inn i faga.
- Hjelpe skulane å sjå karriere og det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i samanheng.
- Styrke overgangane i opplæringsløpet- frå utdanning til arbeidsliv.
For føresette
Det kan vere vanskeleg å finne fram i jungelen av informasjon om søknad og inntak til vidaregåande opplæring. Vi har difor samla det viktigaste ein treng å vite på ein eiga side så du lettere kan hjelpe eller orientere ungdommen din.
Gå til sida om info om søknad og inntak - spesielt for deg som er føresett/forelder.
Utdanningsval
Utdanningsval er eit fag i ungdomsskulen der aktivitetane kan føregå på andre læringsarenaer enn skulen.
Faget skal bidra til å styrke samarbeidet mellom ungdomstrinn og vidaregåande opplæring og mellom ungdomstrinn og lokalt arbeidsliv.
Utdanningsval skal bidra til at elevane får prøve ut og bli bevisst på eigne interesser.