Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT gir råd til skular og lærebedrifter om korleis opplæringa kan leggast til rette, slik at du får ei god opplæring.

PPT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Utbyte av opplæringa

Om skulen eller lærebedrifta vurderer at du ikkje har tilfredsstillande utbyte av opplæringa skal vi utarbeide ei sakkunnig vurdering der vi gir råd om korleis opplæringa bør gjennomførast.

Er du som elev eller lærling/lærekandidat usikker på utbytte ditt av opplæringa skal skulen eller lærebedrifta tilpasse opplæringa til føresetnadane dine.

Skule og lærebedrift skal undersøke kva som kan gi deg eit tilfredsstillande utbyte før dei eventuelt kan hjelpe deg med å tilvise til PP-tenesta i skjemaet "Tilvising PPT".

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med oss gjennom rettleiingstenesta.