Kontakt mobbeombodet
Slik kan du kontakte mobbeombodet i Vestland.
Du kan ta kontakt med oss på telefon eller e-post. Ikkje send sensitiv informasjon som t.d. namn på barn eller skule/barnehage om du nyttar e-post.
Mobbeombodet i sosiale medium
Mobbeombodet på Facebook (mest for føresette og lærarar)
På Facebook legg vi ut nyttige lenker, tips, råd og nyhende.
Treng du å snakke på kveldstid?
Om du treng nokon å snakke med på kveldstid kan du til dømes chatte med nokon på www.snakkommobbing.no eller www.korspahalsen.no.
Du kan også ringe Alarmtelefonen for barn og unge som er døgnopen 116 111.
Om du er forelder kan det vere godt å snakke med Foreldresupport på telefon 116 123
Mobbeomboda tar vare på personvernet ditt
Vi treng ikkje vite kven du er eller kor du eller barnet ditt går i barnehage eller på skule. Du kan velje om du vil vere anonym eller ikkje når du er i kontakt med oss.
Vi lagrar nokre opplysningar sjølv om du vil vere anonym. Til dømes dato du tok kontakt, korleis du tok kontakt (SMS/e-post, osb), kven som tok kontakt (elev, ein ven, far/mor/lærar), om du/barnet går i barnehage eller kva trinn på skulen du går på, stikkord om kva situasjonen handlar om (til dømes utfrysing).
Ingen av opplysningane vi lagrar kan identifisere deg om du vil vere anonym.
Om du vil at vi skal følgje opp eller at vi lett skal finne igjen saka, kan vi lagre kontaktinformasjonen din om du ønskjer det.
Vi gir ikkje ut opplysningar til andre. Mobbeomboda slettar informasjonen etter fem år.