Opplæring i samisk

Alle samiske elevar i vidaregåande opplæring har rett til undervisning i samisk som første- eller andrespråk.

Samiske elevar er elevar som anten sjølve oppfyller krava til å skrivast inn i samemanntalet eller har minst eìn forelder som oppfyller desse krava.

Lovrett 

Opplæringslova §6-2 gir samar i vidaregåande opplæring ein individuell rett til opplæring i enten nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk, uansett kor dei bur i landet. Dette gjeld elevar som bruker samisk som heimespråk, eller at eìn av foreldra, besteforeldra eller oldeforeldra har- eller har hatt- samisk som heimespråk, eller med mor eller far som står - eller har stått- i samemanntalet.

Alle elevar som har hatt opplæring i, eller på, samisk i grunnskulen, har rett til opplæring i samisk i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal tilby ein del av opplæringa i eit samiskspråkleg miljø viss det er naudsynt for at opplæringa i samisk skal vere pedagogisk forsvarleg. 

Endring i ny opplæringslov gjeld frå 01.08.24 og gir også ikkje-samiske elevar rett til samisk viss dei har hatt opplæring i/på samisk i grunnskulen. Eleven kan ha samisk som første- eller andrespråk. 

Det blir gitt opplæring i samisk på 4 ulike nivå (samisk 1-4) avhengig av kor mykje samiskundervisning du har hatt tidlegare. I vidaregåande skule vert det undervist i: 

Samisk som førstespråk 

Samisk 1 er for elevar som har samisk som morsmål. Elever med samisk som førstespråk har eiga læreplan i norsk. 

Samisk som andrespråk 

Samisk 2 er for elevar som byrja med samiskopplæring tidleg i grunnskolen (1. eller 2. klasse) 

Samisk 3 er for elevar som byrja med samiskopplæring i løpet av grunnskulen 

Samisk 4 er for elever som vel å starte med samiskopplæring når dei byrjar på videregåande skule. 

 

Viss du har hatt opplæring i samisk i grunnskulen, kan du velje dette i søknadsskjemaet når du søkjer skuleplass ved vidaregåande skule i Vestland. Når du har fått stadfesta skuleplass, må du ta kontakt med aktuell skule for å informere om behov for undervisning i samisk, viss du ønsker å halde fram med slik opplæring. 

Viss du ikkje har hatt opplæring i samisk i grunnskulen, men ønskjer å begynne med slik opplæring i vidaregåande, må du også ta kontakt med skulen kor du har fått skuleplass.

Det er viktig å ta kontakt med aktuell skule så tidleg som mogleg slik at undervisninga kjem i gong ved skulestart. 

Vestland fylkeskommune tilbyr opplæring i samisk ved bruk av samiskspråkleg lærar, der dette er mogleg, eller via fjernundervisning.

Hovudregelen er at fjernundervisninga skal skje på heimskulen  
( jfr. ny Opplæringslov § 14-4).