Opplæring for elevar busett i barnevernsinstitusjon

Fylkeskommunen har opplæringsansvar for alle elevar som bur i institusjon og som er i grunnskuleopplæring eller vidaregåande opplæring

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar som den statlege regionale barnevernsmyndigheita har ansvaret for etter og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernsloven § 10-17.

Flytting til og frå barnevernsinstitusjon skal meldast til Vestland fylkeskommune på eige digitalt meldeskjema.

Når barn og unge blir plasserte på barnevernsinstitusjon, blir ansvaret for grunnskuleopplæringa overført frå heimkommunen til fylkeskommunen. Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar som er godkjente av Bufetat, jf. opplæringslova §28-3

Fylkeskommunen samarbeider med kommunane for å gi grunnskuleopplæring. Grunnskuleelevar i barnevernsinstitusjonar har rett til å gå på nærskulen sin, jf. opplæringslova § 2-6. I praksis vil dette som oftast vere den skulen som ligg geografisk nærast barnevernsinstitusjonen. Dersom elev og/eller føresette er samde med fylkeskommune og kommune om at opplæringa bør bli gitt ved ein annan skule enn nærskulen, kan dette avtalast i det einskilde tilfellet.

Det er fylkeskommunen si PP-teneste som har ansvar for å vurdere barnet sitt behov for individuelt tilrettelagt opplæring og gi rettleiing til skulane for elevar som bur i barnevernsinstitusjon.

Meir informasjon

Du kan lese meir om retten til opplæring i blant anna barnevernsinstitusjon på Utdanningsdirektoratet si nettside

Ein rettleiar om samarbeid mellom barnevern og skule ligg på Bufdir si nettside

Har du spørsmål?

Då kan du ta kontakt med Ole Jørgen Øygarden på e-post  ole.jorgen.oygarden@vlfk.no , telefon 91170530 eller Tonje Kirkebøen-Slettemo på e-post tonje.kirkeboen-slettemo@vlfk.no , telefon 57992442.

Dersom du treng meldeskjema utan BankID-innlogging må du ta kontakt med oss.