Eksamen og standpunkt for elevar i vgs

Her har vi samla informasjon som du treng før, under og etter eksamen. Du vil også finne informasjon om klage på standpunkt.

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Eksamensdatoar for trekkeksamen blir tilgjengeleg i Visma InSchool 48 timar før eksamen.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo IKS har ansvar for lokalt gitt skriftleg eksamen. På nettsida deira finn du datoar for lokalt skriftleg eksamen

Sentralt gitt eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ansvar for sentralt gitt eksamen. På nettsida til Udir finn du datoar for sentralt gitt eksamen.

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging. 

Du kan ikkje få tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre elevar, eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Det er heller ikkje mogleg å leggje til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnsskap.

Søknad må sendast til rektor ved Visma InSchool. Rektor avgjer om og korleis høva skal bli lagt til rette.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo IKS har ansvaret for lokalt gitt skriftleg eksamen. På nettsida deira finn du tidlegare gitte eksamensoppgåver - lokalt gitt

Sentralt gitt eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ansvaret for sentralt gitt skriftleg eksamen. På nettsida til Udir finn du tidlegare gitte eksamensoppgåver - sentralt gitt

Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3.

Eksamen skal deg høve til å vise din kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

På Utdanningsdirektoratet si nettside finn du læreplan med kompetansemål.

 

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate.

Under sjølve eksamen kan du ta med deg notat frå førebuingsdelen, uavhengig av format. Også bilete, grafar, lovverk og anna som du har vald ut for å vise kompetansen, er rekna som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbiletepresentasjon er lite eigna for å vise kompetanse i faget.

Lokalt gitt skriftleg eksamen

Vigo Iks har ansvar for lokalt gitt eksamen. På nettsida til Vigo Iks finn du oversikt over tillatne hjelpemiddel på lokalt gitt eksamen.

Sentralt gitt skriftleg eksamen

Utdanningsdirektoratet (Udir) har ansvar for sentralt gitt skriftleg eksamen. Oversikt over tillatne hjelpemiddel på sentralt gitt eksamen finn du på Udir si nettside.

Munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen

 Du får opplyst kva karakter du har fått når eksamen er ferdig.

Skriftleg eksamen

Om våren er karakterane frå skriftleg eksamen klare i siste del av juni, om hausten i starten av januar. 

Ny eksamen

Dersom du får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen ved første ordinære eksamen (haust eller vår). Du vil få førespurnad frå skulen om å ta ny eksamen, og må godkjenne denne dersom du ønskjer å ta ny eksamen. 

Utsett eksamen

Dersom du på grunn av dokumentert fråvær ikkje kan møte til eksamen, har du rett til å gå opp til første påfølgande eksamen. Blir du sjuk under gjennomføringa av eksamen, må du melde frå til skulen om dette. 

Særskilt eksamen

Dersom du får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har du rett til særskilt eksamen i faget. 

Dersom du ikkje går opp til første påfølgande eksamen, ved rett til ny, utsett eller særskilt eksamen, må du ta eksamen som privatist.

I snarvegar til høgre på sida finn du lenke til informasjon om privatisteksamen.