Protetikk

Rehabilitering med kroner, bruer, implantat og protesar.

Kva er protetikk?

Protetikk er diagnostisering, behandlingsplanlegging, rehabilitering og ivaretaking av orale funksjonar, komfort og estetikk til pasientar.

Behandling

Ventetid før du kan få behandling: 10 månadar.

Behandlingsplanlegging og rehabilitering av tenner/tyggefunksjon ved hjelp av implantat, protesar, kroner, bruer og porselenslaminat høyrer inn under spesialiteten oral protetikk. Vidare omfattar også spesialiteten behandling av kjeveleddslidingar. 

Mange personar opplever å miste tenner. I nokre tilfelle medfører dette kompliserte behandlingsbehov der høg fagleg kompetanse og klinisk erfaring er nødvendig for å oppnå eit optimalt resultat. Behandlingar av denne typen krev at tannlegen har omfattande trening i kompliserte prosedyrar for å gje pasienten føreseielege og langvarige løysingar.

  • Vi utarbeider behandlingsforslag og gir gjerne rettleiing og råd
  • Vi tar gjerne imot kompliserte tilfelle, der vi må samarbeide med andre spesialitetar om behandlingsplanlegging og behandling

Behandlingsbehov

  • Vaksne pasientar med behov for fast og/eller avtakbar protetikk
  • Born med agenesi av ei eller fleire tenner, og med behov for protetisk erstatning (permanent eller mellombels)
  • Pasientar med traumeskada tenner med behov for protetisk løysing
  • Pasientar med grav erosjon/attrisjon
  • Pasientar med kjeveleddsproblem
  • Implantatutgreiing og behandling av kasus som egnar seg med omsyn til helse, tannhelse og økonomi

Tilvisingsrutinar for protetikk

Pasientar som har behov for spesialistbehandling i protetikk, skal tilvisast til Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland.

For private tannlegar

Fullstendig tilvising kan sendast til:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland
Postboks 2354 Møllendal
5867 Bergen

Tilvisinga må innehalde

  • namn, adresse, telefonnummer, og fødselsnummer
  • relevante kliniske og anamnestiske opplysningar
  • klinisk diagnostisk problemstilling
  • opplysningar om ev. trygderefusjon

For tilsette i tannhelsetenesta i Vestland

Tilvising kan sendast som e-post med journalnummer på pasient, med ei kort problemstilling til tkvestland@vlfk.no

I Opus lagar tilvisande tannlege klar fullstendig tilvisning.