Tverrfaglig integrasjon av teledentistry i helsetjenesten blant eldre migranter i Bergen

Hensikta med prosjektet er å utforske korleis teledentistry (TD) kan integrerast i helsetenesta for eldre migrantar i Bergen.

Eldre innvandrarar nyttar tannhelsetenester sjeldnare enn majoritetsbefolkninga, noko som ofte fører til dårlegare tannhelse og redusert livskvalitet.

Teledentistry, som inneber bruk av digitale løysingar for tannhelsehjelp på avstand, kan bidra til betre tilgjenge, førebygging og oppfølging for denne gruppa.

Prosjektet byggjer på tidlegare funn som viser store utfordringar knytte til oral helse blant eldre innvandrarar, og har som mål å integrere teledentistry i helsetenesta i Bergen. Gjennom tverrfagleg samarbeid og tilrettelagd opplæring skal prosjektet utvikle berekraftige løysingar som kan takast i bruk både lokalt og nasjonalt.

Målet med prosjektet

  • Å lære opp helsepersonell og studentar i bruk av teledentistry som eit verktøy for førebyggjande tannhelsearbeid blant eldre, med vekt på auka effektivitet, tidsinnsparing og betre tilgang til tannhelsetenester.

  • Å styrkje det tverrfaglege samarbeidet mellom fagmiljøa ved Alrek, med fokus på samspelet mellom teledentistry og eldrehelse, som grunnlag for implementering i praksis og vidare forsking. På sikt skal løysinga òg kunne tilbydast innvandrarar ved ankomst til Noreg, i samarbeid med kommunehelsetenesta, som ein del av informasjonen om det norske tannhelsesystemet.

Delmål for prosjektet

  1. Å tilby alle nyankomne eldre innvandrarar munnhelseundersøking ved bruk av TD.

  2. Å undersøkje deltakarane sine opplevingar med bruk av TD, samt kva effekt dette har på den orale helsa deira.

  3. Å kartleggje helsepersonell sine erfaringar med bruk av teledentistry som ein del av tverrfagleg samhandling.

Kva vi skal gjere i prosjektet

Studien skal gjennomførast blant eldre migrantar i Bergen i løpet av 12 månader. Helsepersonell frå Senter for migrasjon og helse skal utføre tre munnhelseundersøkingar ved bruk av intraoralkamera (TD).

Prosjektet er venta å bidra til

  • Betre tilgang til tannhelsetenester for eldre innvandrarar og betre oral helse.

  • Auka kompetanse i bruk av teledentistry blant helsepersonell.

  • Eit kunnskapsgrunnlag for vidare digital utvikling innan førebyggjande helsearbeid.

  • Styrkt tverrfagleg samarbeid mellom relevante fagmiljø.

Finansiering

Alrek helseklynge og Tannhelsetenestas kompetansesenter – TkVestland 

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

Prosjektleiar: Wagdan Hasha (TkVestland)

Prosjektmedarbeidarar: Manal Mustafa (TkVestland), Stein Atle Lie (UiB), Maria Nordheim Alme (HVL), Egil Kaberuka-Nielsen (Bergen kommune)