Tannskadar og kjeveortopedisk behandling. Eit kvalitetssikringsprosjekt
Tannskadar er vanleg og har ein tendens til å skje i ung alder. At kjeveortopedar får informasjon om tannskadar og behandling er viktig før kjeveortopedisk behandling vert iverksett.
Dette prosjektet har følgande mål:
Å gi retrospektiv informasjon om tilvisingsrutinar til kjeveortoped blant offentlege tannlegar for pasientar som har opplevd tannskade, samt å vurdere desse rutinane i ein kjeveortopedisk populasjon.
Å vurdere førekomst av komplikasjonar etter kjeveortopedisk behandling av tenner med tannskade samanlikna med tenner utan tannskade.
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
- Forskar Dorina Sula Thelen, Tk Vestland
- Prof. Asgeir Bårdsen, Universitetet i Bergen
- Ingrid Gramstad, Tannhelsetjenestens Kompetansesenter – Rogaland
- Førsteamanuensis Kari Birkeland, Institutt for klinisk Odontologi, UiO
- Nicole Aria, Tk Vestland
Eksterne organisasjonar
- Universitetet i Bergen, institutt for klinisk odontologi
- Tannhelsetjenestens kompetansesenter – Rogaland
- Institutt for klinisk odontologi, UiO