Samanhengen mellom bruk av xerogene medikament og spyttmengda til vaksne 70-åringar
Prosjektet undersøker samanhengen mellom medikamentbruk, spyttsekresjon og munntørrleik hos eldre vaksne, og ser på moglege kjønnsforskjellar.
Ved aldring aukar risikoen for medikamentbruk, og medikamentbruk er ein risikofaktor for sjølvopplevd munntørrleik og låg spyttsekresjon (hyposalivasjon). Spytt har fleire eigenskapar og funksjonar som gjer at spytt spelar ei essensiell rolle i å oppretthalde god oral helse og livskvalitet.
Det er behov for fleire studiar som undersøkjer korleis bruk av xerogene medikament (medikament som kan gje munntørrleik som biverknad) påverkar spyttsekresjonen hos eldre vaksne.
Ved å kople spyttprøvedata frå eldre vaksne i tidlegare Hordaland med retrospektive medikamentdata frå Legemiddelregisteret har denne studien som mål å:
· undersøkje samanhengar mellom talet på xerogene medikament, spyttsekresjonshastigheit og hyposalivasjon.
· undersøkje kjønnsforskjellar i xerogen medikamentbruk og spyttsekresjon
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
Prosjektleiar: Ellen Berggreen, TkVestland
Prosjektmedarbeidarar: Linda Hasselgren, Gerhard Sulo, Malin V. Jonsson