Apikale lesjonar på panoramarøntgenbilete – effekt av biletekvalitet

Denne studien undersøker om den diagnostiske bilet­kvaliteten har betydning for oppdaginga av apikale lesjonar på panoramarøntgen.

Panoramarøntgenbilete (PAN/OPG) er vare for pasientposisjoneringsfeil og har kjende tekniske avgrensingar. Difor kan PAN-bilete vere utsett for feil som kan påverke diagnostisk biletekvalitet. I epidemiologiske munnhelseundersøkingar blir PAN-bilete ofte nytta fordi dei gir ein brei oversikt over tannsett og kjevebein.

Denne studien har to mål

1. Å gi eit radiografisk estimat av apikale lesjonar blant norske 70-åringar ved å vurdere PAN-bilete.
2. Å undersøkje om diagnostisk PAN-biletekvalitet påverkar oppdaging av apikale lesjonar.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

Prosjektleiar: Ellen Berggreen, TkVestland

Prosjektmedarbeidarar: Malin V. Jonsson, Linda Hasselgren, Katrine Roska Nymoen, Xie-Qi Shi, Knut Helge Midtbø Jensen

Eksterne organisasjonar

Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi