Kva skjer med ei politisk sak?
Fylkeskommunen er politisk styrt, og politikarane vedtek saker som har med fylkeskommunen å gjere.
Fylkestinget er det øvste politiske organet i fylkeskommunen og gjer vedtak i alle store saker innan våre ansvarsområde, som mellom anna budsjett.
Arbeidsutvalet til fylkestinget er fylkesutvalet som har fått delegert avgjersle i ein del saker. Under fylkesutvalet er det fire fagutval som jobbar fram saker innan sine fagfelt og som har delegert avgjerdsle i nokre saker.
Fylkesadministrasjonen legg fram saker til politisk behandling. Fylkesdirektøren kjem med tilråding til vedtak. Fylkesadministrasjonen skal sette ut i verk politiske vedtak.