Høyring: Regional plan for fornybar energi

Regional plan for fornybar energi er ute på høyring. Vi inviterer no kommunar, organisasjonar og andre interesserte til å komme med innspel til planen innan 20. februar.

Vestland fylkeskommune skal vedta ein ny regional plan for fornybar energi. Den skal vere eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke.

Noreg har forplikta seg gjennom Paris-avtalen til å bidra i det globale klimaarbeidet. Utfordringane er globale, medan fleire av løysingane er lokale. Planen gjeld for det geografiske området Vestland, men vil òg omhandla offshore havvind i havområda utanfor fylket.

Høyringsmøte

Tysdag 24. januar klokka 15.00 er det ope høyringsmøte med gjennomgang av for Regional plan for fornybar energi.

Både plan og handlingsprogram

Fylkesutvalet har no vedtatt eit høyringsutkast til planen, i tillegg til det første handlingsprogrammet som høyrer til planen. Du kan gi dine innspel innan fristen 20. februar 2023.

Gi dine innspel

Vi ønskjer di meining om korleis vi skal nå hovudmålet i planen. Det handlar om at Vestland fylke får energioverskot frå fornybare energikjelder og ei robust kraftforsyning som bidreg til grøn verdiskaping.

Vi ønskjer også innspel på

  • tema i planen
  • ambisjonsnivå til dei enkelte fornybare energikjeldene
  • korleis vi får ei robust kraftforsyning i fylket
  • utdanning, forsking og innovasjon som omhandlar fornybar energi
  • retningslinjene i planen
  • Tiltaka i handlingsprogrammet
  • Tema for planen
  • Regional plan for fornybar energi sett mål om ambisjonsnivå og utbygging av fornybar energi i Vestland. Den viser også korleis vi skal ha ei robust kraftforsyning i fylket.

Planen har to prioriterte plantema som viser ambisjonsnivå og utbygging :

  • Auka produksjon frå fornybare energikjelder
  • Robust kraftforsyning i Vestland

I tillegg til har den tre deltema:

  • Energiberarar (som batteri og hydrogen)
  • Utdanning, forsking og innovasjon innan fornybare energikjelder
  • Kjernekraft

Planen foreslår retningslinjer som skal ta vare på urørd natur på land. Dei skal også sørge for at stader med viktige verdiar knytt til natur, landskap, kulturminne, kulturmiljø eller reiseliv, ikkje blir forringa.

Nullutslepp 2030

Vestland har høge ambisjonar om både å vere eit leiande verdiskapingsfylke og å ha netto nullutslepp innan 2030, og Vestland har gode føresetnadar for alle dei fornybar energi kjeldene. Eit godt samspel mellom dei forskjellige fornybare energikjeldene er viktig for best mogleg utnytting av dei.

  • Vasskraft, vindkraft, havenergiane og ein stor del av solenergien gjev oss fornybar elektrisitet som blir distribuert gjennom kraftnettet.
  • Dei termiske energiane, store delar av bioenergiane og noko av solenergien, gjev oss varme og kjøling som avlastar distribusjonen av elektrisitet gjennom kraftnettet.
  • Bioenergi gjev oss energiberarar som biogass og bioolje, og energien frå dei andre fornybare kjeldene kan nyttast gjennom energiberarar som batteri og hydrogen.
Illustrasjon av energisirkel

Ulike fornybare energiberarar.