Høyring: Forvaltningsplan for Selja kloster og helgenanlegg med handlingsplan 2026–2036

Vestland fylkeskommune har lagt forvaltningsplan for Selja kloster og helgenanlegg og kulturmiljøa på Selja ut til offentleg høyring. Handlingsplanen for perioden 2026–2036 er også ute på høyring.

Forvaltningsplanen skal avklare nødvendige tiltak for å bevare ruinane til det unike og nasjonalt viktige kloster- og helgenanlegget frå mellomalder på øya Selja i Stad kommune. Planen gjeld for dei neste ti åra, frå 2026 til 2036.

Geografisk omfattar planen heile øya Selja og holmane ikring. Derfor er også tiltak knytt til kulturmiljøa og vegetasjonsskjøtsel generelt på heile øya ein viktig del av planen. Også tiltak knytt til infrastruktur og tekniske installasjonar er omtalte.

Frist for å komme med innspel til planen er 15. mai 2026. 

Dronefoto av Selja kloster og helgenanlegg.
Selja kloster og helgenanlegg. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Avklarar roller og ansvar

Planen avklarar vidare rolle, ansvar og møtepunkt for forvaltninga. Planen er ikkje juridisk bindande, men retningsgivande. Vestland fylkeskommune har òg kartlagt korleis kulturmiljøa på Selja er i bruk. Vi har sett på om det er interessekonflikt mellom bevarings- og opplevingsinteressene i samband med eit stadig aukande reiseliv, og om det er nødvendig å sette inn tiltak som sikrar ei berekraftig formidling.

Handlingsplanen, som er eit eige dokument ved sidan av forvaltningsplanen, konkretiserer kva som er nødvendig å gjennomføre av årlege tiltak, og kva som er særskilte satsingsområde i planperioden.

Inkluderer ein del historikk

Vestland fylkeskommune har vore prosjekteigar og leia arbeidet fram mot ein ferdig plan. Stad kommune har bidrege aktivt i gjennom heile planprosessen. I tillegg har fleire bidrege med konstruktive innspel og tekst under vegs i arbeidet.

Sjølv om planen hovudsakeleg er eit verktøy for forvaltninga, så har vi prøvd å gjere han mest mogeleg tilgjengeleg for folk flest. Mange er nyfikne på kva som skjer ute på Selja. Vi har derfor brukt ein del plass på historikk knytt til dei mange skjøtsels- og konserveringstiltaka som har vore gjort dei siste 200 åra og fram til i dag. Det gjer inngangen til arbeidet mot ei berekraftig forvalting av kulturminna og kulturmiljøa på Selja lettare for alle.

Krev løyvingar og fagleg kompetanse

Dei mange tiltaka vi skal jobbe med vidare i planperioden, krev høg fagleg kompetanse. Forvaltingsarbeidet er heilt avhengig av løyvingar for å kunne ta vare på alt som er gjort, og sikre gode bevaringstilhøve vidare. Vi håpar og trur at planen som no ligg føre, vert eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet mot ei berekraftig forvaltning og formidling av alle dei fantastisk flotte kulturminna og kulturmiljøa på øya Selja.

Etter høyringa, og eventuelle innspel er innarbeidd i planen, skal planen leggast fram for politikarane i fylkeskommunen: Hovudutval for kultur, idrett og inkludering, fylkesutvalet og fylkestinget.