Regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn 2023–2035 (under arbeid)
Regional plan skal bidra til å skape attraktive og levande lokalsamfunn i heile fylket.
For å samordne den regionale innsatsen innan areal- bustad- og transportplanlegging betre, vedtok fylkesutvalet i juni 2023 at kunnskapsgrunnlaget for plan for senterstruktur og lokalsamfunn skal inngå i ny utviklingsplan for Vestland.
Seks plantema
Fylkesutvalet vedtok at regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn skal ha desse seks plantema:
- senterstruktur
- utbyggingsmønster og arealbruk
- lokalisering av arbeidsplassar, tenester og tilbod
- kvalitet i omgjevnadane
- bustadpolitikk
- barn og ungdom – trivsel og tilhøyrsle
Tilrådingar frå kunnskapsgrunnlaget
Konsentrert senterstruktur med aktiv lokaliseringspolitikk kan stø opp om meir robuste regionsentre, bremse sentraliseringa og bygge opp om sterke distrikt. Ein balansert og meir definert senterstruktur med eit tydeleg hierarki kan skape eit større mangfald i tilbod av tenester og aktivitetar som òg har stor betydning for bulyst og trivsel, både i og utanfor senterområde.
Robuste regionsenter som er attraktive, kompakte og gir eit godt tilbod til omlandet, kan skape positive ringverkningar for heile fylket i alle berekraftsdimensjonane. Fleire kan velje kollektive transportformer, difor er prioritering av kollektivtransportliner inn mot regionsentera ein viktig fylkeskommunal satsing. Les fleire tilrådingar i kunnskapsgrunnlaget.
Kva seier utviklingsplanen om planarbeidet
Utviklingsplanen stadfestar behovet for ein ny regional plan for senterstruktur som eit viktig strategisk verktøy for å legge til rette for ei balansert utvikling og helsefremjande lokalsamfunn i heile fylket.
Utviklingsplanen byggjer på berekraftmåla til FN. Han gir ein felles kurs for å samordne, inspirere og mobilisere vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande utvikling. Korleis vi disponerer areala og lokaliserer viktige funksjonar og kvalitetar i dei fysiske omgjevnadene våre, har mykje å seie for trivsel, tryggleik, busetting, verdiskaping, klima og miljø. Lokalsamfunna er berebjelkane i ei berekraftig samfunnsutvikling, og nærmiljø på små og store stader er dei viktigaste arenaene for inkludering og samfunnsdeltaking.
Dette er utgangspunktet for utarbeiding av ein ny regional plan for berekraftig senterstruktur og levande lokalsamfunn, etter plan- og bygningslova.
Overordna føremål for planarbeidet
Vestland fylkeskommune skal utforme ein ny regional plan for berekraftig senterstruktur. Planen skal synleggjere korleis vi i Vestland skal jobbe for å utvikle byane, stadane og lokalsamfunna i eit langsiktig perspektiv, på ein måte som skaper føresetnader for eit godt tenestetilbod, gode bumiljø, næring og å leve gode liv i heile fylket. Planen skal bidra til ei balansert areal- og ressursutnytting og til reduserte klimagassutslepp.
Planen skal
- saman med handlingsprogram vere klar for vedtak i juni 2023
- vere sektorovergripande, på tvers av forvaltningsnivå og godt forankra internt og eksternt
- retning, koordinere offentleg innsats og mobilisere sivilsamfunnet
- syne korleis vi skal arbeide for ei balansert utvikling og levande lokalsamfunn i heile fylket
- bidra til eit berekraftig utbyggingsmønster for å fremje miljøvenleg mobilitet og berekraftig arealbruk. Dette ved å samordne lokalisering av bustader, arbeidsplassar, tenester, service og handel
- utvikle ein berekraftig regional senterstruktur og styrkje regionsenter som motor og drivkraft i omlanda sine, og slik bidra til verdiskaping, konkurransekraft og sterke bu- og arbeidsmarknadar
- bidra til kompetanseutvikling og nye samarbeidsformer innafor berekraftig by- og stadutvikling
Evaluering av gjeldande planar
I samband med oppstart av planarbeidet er det utført ei kartlegging for å få fram erfaringar med dei to eksisterande regionale planane i Vestland. I januar og februar 2022 har Norconsult på oppdrag frå Vestland fylkeskommune gjennomført djupneintervju med elleve kommunar, i tillegg til ei digital spørjeundersøking til alle kommunane i fylket. 32 kommunar svarte på spørjeundersøkinga.
Kunnskapsgrunnlaget synleggjer korleis dei to eksisterande regionale planane har blitt nytta, og bidreg også med innspel til arbeidet med ny regional plan, både når det gjeld prosess og plandokument.