Universell utforming i kommunal planlegging
Universell utforming, deltaking og likestilling er viktige premiss i arealplanlegging, der mennesket er i sentrum.
I lov om likestilling og forbud mot diskriminering 2017, §17 står det: "Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene, - slik at virksomhetens alminnelige funksjoner kan benyttes av flest mulig, uavhengig av funksjonsnedsettelse."
Av plan- og bygningslova framgår det at det skal vere eit overordna mål med arealplanlegging at alle grupper skal kunne delta i sjølve planprosessen, og at planar skal sikra funksjonelle og estetiske løysingar når dei er ferdig utbygde.
Regjeringa sin handlingsplan «Bærekraft og like muligheter - et universelt utformet Norge» skal gjennom utforming av fysiske og tekniske omgjevnadar bidra til eit samdunn som er likestilt og berekraftig. Planen for åra 2021–2025 omfattar mellom anna tiltak innan arealplanlegging, transport, bygg, infrastruktur og digitalisering.
Plan og bygningslova gir føringar om universell utforming i
- § 11-9 Bestemmelser til kommuneplanens arealdel, pkt 5
- § 12-7 Bestemmelser i reguleringsplan, pkt 4, 5 og 12
- § 17-3 Utbyggingsavtaler
- § 12-7, pkt 5, om reguleringsplan og arealformål, og i § 17-3 om utbyggingsavtaler, står det at kommunen kan gi føresegner som regulerer talet på bustader i eit område, største og minste storleik på bustadene, og nærare krav til tilgjenge og utforminga av bustaden der det er turvande.
Bustader, offentlege bygg og møteplassar
Kommunane kan skaffe seg oversikt over framtidig bustadbehov i høve til innbyggjarane sin alder og funksjonsevne. Det kan gje grunnlag for ein meir nyansert bustadpolitikk og gi større variasjon i bustadtilboda.
I arealplanlegging kan det vere tenleg å samle viktige funksjonar, leggje til rette for gode møteplassar og tilkomst på gangvegar med passe stigning.
Kommunen er både tenesteytar og planstyresmakt og har eit dobbelt ansvar når det gjeld universell utforming ved tomteval til offentlege bygg som barnehagar, skular og sjukeheim. Tomtene må ha god offentleg tilkomst, og vere enkle å leggje til rette for alle grupper.
For å få fange opp både funksjon og estetikk kan det vere ei løysing at kommunen skipar arkitektkonkurranse om universelt utforma bustadområde i typisk vestlandsterreng.
Kva er universell utforming?
Det finst ei rekke definisjonar på universell utforming. Kjernen i dei er å utforme omgjevnadene på ein måte som tek vare på heile befolkningas variasjon i funksjonsevne, inkludert behova til personar med nedsett funksjonsevne. På denne måten kan flest mogleg delta aktivt i samfunnet.
Universell utforming er forming av produkt, bygg, transportmidlar og omgjevnader på ein slik måte at dei kan nyttast av alle i så stor grad som mogleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming.
Sju prinsipp for universell utforming:
- Tilgjenge inkluderer auka livskvalitet for alle, både for dei som bur i byen, og for dei som besøker den.
- Tilgjenge betyr større fridom og tryggleik for brukarane av byen, men utan å vere avhengig av hjelp frå andre.
- Tilgjenge er ikkje ein avgrensa del av designet av eit objekt, bygning eller transportmiddel, men skal samordnast med andre tilhøve i ein tidleg fase i planlegging og prosjektering.
- Tilgjenge skal vere eit generelt prinsipp for den samla planlegginga og utforminga av byen og leggje opp til spesielle løysingar for personar med funksjonshemming.
- Tilgjenge betyr ikkje ekstra kostnadar. Tilgjenge betyr god samfunnsøkonomi.
- Tilgjenge er eit middel for å sikre engasjement og medverknad frå innbyggarane i prosessen med å planlegge og bygge byen.
- Tilgjenge genererer synergieffekt mellom ulike aspekt, som individ og miljø, estetikk og funksjonalitet, biltrafikk og fotgjengarar, forbruk og berekraft.
Rettleiarar og guidar
- Les Bufdir-rettleiaren Jobb systematisk med universell utforming her
- Les rettleiaren Hørselsvennlig miljø her
- Les tilgengelighetsguiden til Hørselshemmede landsforbund her
- Ingvild Nesse i Arkitektgruppen CUBUS har laga Guide for orientering og veifinning, som du kan lese her.
- Les rettleiar om universell utforming av uteområde her
- Les rettleiar om universell utforming i planlegging her