Barn og unge i kommunal planlegging
Planlegging skal ta omsyn til barn og unge sine interesser og sikre gode og trygge oppvekstmiljø.
Å ta vare på barn og unges interesser er eit tverrsektorielt ansvar, og heng i hop med fleire andre plantema som friluftsliv, folkehelse, landskap, arkitektur og estetikk, by- og tettstadutforming og universell utforming.
Sikring av tilgang til grøntareal, friluftsområde og grønstruktur i byar og tettstader må bli vektlagt i planlegginga. Statlege planretningsliner set krav til planprosessen og til den fysiske utforminga av areal for barn og unge. Rundskriv T 1513 Om barn og planlegging gir utfyllande rettleiing.