Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Føremålet er mellom anna å styrka arbeidet med stadutvikling og bli kjende med kvarandre og aktivitet i dei ulike kommunane.
Dette er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her kan me utveksla erfaringar, læra av kvarandre og få til nye samarbeid på tvers av kommunegrenser, interesser og fagområde.
Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta.
Oppmodar til å dela erfaringar og ny kunnskap
Det er faste møte første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Fylkeskommunen og kommunen utviklar innhald og form på møta saman. Her kan kommunane syna fram kva som skjer hjå dei, og vi oppmodar til å bruka nettverket og dela
- arbeid og prosjekt
- erfaringar og kunnskap
- synspunkt og problemstillingar
Vestland fylkeskommune administrerer nettverket.
Stor variasjon i tema
Sidan oppstarten i 2024 har me vore innom desse temaa når nettverket har møttest:
- arkitektur i kommunelandskapet
- ombruk
- sosial utjamning
- klima
- byggeskikk
- leik
- naboskap
- metodar
- utviklingsplanen
- deltaking
Har du innspel til tema du ønskjer å ta opp i framtidige møte, ta kontakt.