Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen

Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.

Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta. 

Denne gongen har vi invitert Nils Johan Mannsåker, sivilarkitekt og fagleg ansvarleg LPO Bergen. I samtalen får vi sjå og høyra korleis han har vore med å omforma Dokkeplassen på Sydnes i Bergen. 

Kva er historia til Følids plass (Dokkevegen), forteljinga om vatnet, dei store steinane, golvet, veggane og trea i rommet? Korleis vart plassen/gata til ein samlingsstad? Kva verdi og bruk har opphaldsrommet i dag? Korleis har arkitekten tenkt og arbeidd med plassen? 

Frå idé og den første tanken til handling og ny bruk. Kva skal til? 

Plakat for møtet i nettverket for by- og stadutvikling i Vestland 5. mai 2026.

Ta kontakt

Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.

Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.

Les meir om nettverket for by- og stadutvikling.