Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.
Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta.
Denne gongen vert det møte saman med klimanettverket i KlimaVestland.
Tema: Biotopia
I møtet vil vi snakke om korleis vi kan ta vare på eksisterande natur i stadutvikling, i og tett på sentrum. Korleis skape rom for natur, folk og mangfald ved hjelp av naturbaserte løysingar og klimatilpassing.
Kva kan vi få til med dei grøne flekkane me har? Kva er handlingsrommet? Kva finst av natur? Korleis skape levande rom for natur, der folk kan sjå, høyre, smake, lukte, kjenne på og vere i?
Erfaringar frå Vik og Bergen
Karen Weichart frå Vik kommune vil fortelje om arbeidet med å kartlegge grøn struktur i kommunen for å definere relevante formål for dei grøne områda til ny arealplan. I kartlegginga er dei grøne områda sine potensial for klimatilpassing framheva med dei skjøtseltiltak som må til for å styrka både naturmangfald og klimatilpassing. Karen er plansjef for areal- og samfunnsplanlegging i Vik kommune.
Gunnar Rise frå Bergen kommune vil vise og fortelje oss om Arnaparken i Arna.
Arnaparken er eit klart og godt døme på korleis det er mogleg å ta vare på og styrke natur i stadutvikling. Gunnar er landskapsarkitekt og arbeidar på bymiljøetaten i Bergen. Han fortel om sine erfaringar med våtmarksparken, naturmangfald og restaurering av natur.
Ta kontakt
Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.
Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.