Skyss
Vestland fylkeskommune har ansvar for kollektivtrafikken i fylket. Den fylkeskommunale eininga Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk og står bak det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland.
Skyss skal sikre at dei politiske måla som fylkestinget set for kollektivtrafikk og mobilitet blir nådd.
Dette gjer Skyss
Til dagleg jobbar Skyss mellom anna med å:
- planlegge og vidareutvikle linjenett og rutetilbod
- tildele kontraktar for køyring av buss, båt og ferjer ved hjelp av anbodskonkurransar
- utvikle kombinerte mobilitetstenester
- planlegge skoleruter og koordinere skoleskyss
- informere om og marknadsføre reisetilbod og kundeløysingar
- gi kundeservice