Organisasjon og økonomi
Organisasjons- og økonomiavdelinga skal levere gode fellestenester innan fagområda HR, økonomi, innkjøp, juridisk og kommunikasjon. Avdelinga har også ansvar for mobbeomboda og elev- og lærlingomboda.
Oppdraget til organisasjons- og økonomiavdelinga er å setje retning, samordne og utvikle organisasjonen ved å levere framtidsretta fellestenester og god støtte og oppfølging.
Avdelinga har fem seksjonar som dekker ulike fagområde. Du kan lese meir om dei ved å opne felta under.
Direktør er Ingrid Holm Svendsen.
Juridisk
Seksjonen søker å dekke rettshjelpsbehovet for alle einingar, og har ansvar for gjennomføringa alle politiske møte i fylkeskommunen.
Den gir støtte til alle einingane i fylkeskommunen i ulike typar saker og held oversikt over rettstvistar fylkeskommunen er involvert i.
Ansvar for eigarskapsoppfølging femner om eigarskapen fylkeskommunen har i ulike typar selskap, inkludert utarbeiding av ei årleg eigarskapsmelding.
Seksjonen førebur også saker om val til eksterne organ, m.a. selskap, råd og stiftingar. Sekretariatet for varslingsutvalet ligg til seksjonen.
Politisk sekretariat er delen av juridisk seksjon som har ansvaret for førebuing, gjennomføring og oppfølging av møte i folkevalde organ. Sekretariatet har vidare ansvar for å førebu og ivareta fylkeskommunen sine oppgåver ved gjennomføring av stortingsval, kommunestyre- og fylkestingsval.
Bertil Søfteland er leiar for seksjonen.
Økonomi
Økonomiseksjonen arbeider med budsjett og har ansvar for å behandle økonomisaker til politiske organ. Rapportering av den økonomiske situasjonen gjennom året ligg òg til seksjonen sitt ansvarsområde.
Andre arbeidsoppgåver er likviditetsstyring og finansiering av investeringar gjennom låneopptak, i tillegg til forvaltinga av fylkeskommunen si konsesjonskraft. Seksjonen er òg systemforvaltar for Vestland fylkeskommune sitt ERP-system.
Seksjonen omfattar også einingar for rekneskap og løn. For rekneskap er utarbeiding av fylkeskommunen sin årsrekneskap ei sentral arbeidsoppgåve, i tillegg til utbetaling/remmitering, mottak av leverandørfaktura, kundefakturering, rapportering av mva, mm. Løn syter mellom anna for at løna vert betalt ut til rett tid, og at alt som gjeld løn, pensjon og andre ytingar vert korrekt registrert på den tilsette og rapportert på a-meldinga.
Nils Vetlesand er leiar for seksjonen.
HR
HR leverer tenester langs heile verdikjeda av HR-feltet. I tillegg til å vere ein strategisk partnar gir vi leiarstøtte, leverer tenester innan helse, mijlø, sikkerheit (HMS), kvalitetsstyring og arbeidsgjevarpolitikk.
HR-seksjonen er ein strategisk partnar for den administrative leiinga i fylkeskommunen, og bidreg til å utvikle engasjerte medarbeidarar og ein framtidsretta kunnskapsorganisasjon.
HR skal syte for at Vestland fylkeskommune er ein profesjonell og attraktiv arbeidsgjevar. Seksjonen har utstrekt samarbeid med fylkeshovudverneombodet og dei hovudtillitsvalde.
Hilde M. B. Withammer er leiar for seksjonen.
Kommunikasjon
Kommunikasjonsseksjonen har ansvar for drift og innhald på Vestland fylkeskommune sine digitale flater og kanalar.
Målgruppa er folkevalde, kommunetilsette, brukarane av tenestene våre og innbyggjarar generelt. Ei viktig oppgåve er å formidle vedtak frå dei politiske møta.
Kommunikasjonsseksjonen har òg ansvar for intern kommunikasjon og legg til rette for bruk av nye digitale kommunikasjonsflater. Tilsette ved seksjonen hjelper avdelingane i deira arbeid på nettsidene, med kampanjar eller merksemd i sosiale media.
Alt arbeid knytt til bruk av den grafiske profilen ligg til seksjonen.
Hilde Joranger Mæland er leiar for seksjonen.
Innkjøp
Innkjøpsseksjonen har ansvar for å leggje til rette for gode innkjøpsprosessar og sikre godt samarbeid mellom dei ulike innkjøpsmiljøa i Vestland fylkeskommune.
Innkjøpsseksjonen skal syte for at styringssystem for Kvalitet og HMS er oppdatert med godkjente prosedyrar og malar for konkurransegjennomføring og for handtering av bestillingar og faktura.
Alle kjøp er underlagt offentleg lov- og regelverk samt interne fylkeskommunale retningsliner og skal gjennomførast ved hjelp av gjeldande innkjøps- og konkurransestyringsverktøy.
Miljø og berekraft, samfunnsansvar, lønns- og arbeidsvilkår, innovasjon, integritet, kostnadseffektivitet, kontraktsoppfølging og leverandørutvikling er viktige omsyn i arbeidet med innkjøp til Vestland fylkeskommune.
Trond Amundsen er leiar for seksjonen.