Fakta om Vestlandshuset
Vestlandshuset er eit topp moderne, berekraftig, fleksibelt og ope hus, der samarbeid og samhandling står sentralt. Totalt jobbar det 1200 menneske i bygget, om lag 800 frå fylkeskommunen og 400 leigetakarar.
Vestlandshuset står på tomta til det gamle fylkeshuset til Hordaland fylkeskommune.
Vestlandshuset opna for vel 800 tilsette i fylkeskommunen 23. februar 2023. Det blei offisiell opning av fylkesordførar Jon Askeland 8. mars 2023.
Adressa er Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen.
I tillegg er det inngang frå Agnes Mowinckels gate 5 og Vestre Strømkaien 13.
Siste leigetakar var på plass i januar 2024, og til saman er det om lag 1200 menneske som arbeider i huset.
Byggeprosjektet
- Arkitekt: NSW Arkitektur, HUS og Arkitektgruppen Cubus. Interiørarkitekt: IARK
- Rådgivande ingeniørar alle fag: Sweco Norge AS
- Utbyggar: LAB
- Pris: 950 millionar kroner.
- Grunnsteinnedlegging: 24. mars 2021 av fylkesordførar Jon Askeland
- Klargjering for rivearbeid: januar 2020
- Riving i deler frå juni–oktober 2020, deretter bortkøyring av massar.
- Nybygg reist og tett hus i mars 2022, deretter innvendig arbeid.
- Overlevering til byggherre: årsskiftet 2022/2023
- Innflytting for tilsette i Vestland fylkeskommune: 23. februar 2023
Storleik og høgd
- Etasjar: 13 i tårn sør og 11 i tårn nord
- Høgde over bakken tårn sør: 51,1 meter, tårn nord: 43 meter
- Høgde totalt frå botn av gropa og til høgste punkt: 57,4 meter
- Areal totalt i heile fylkeshuset: BTA: 26 249,3 m2
- Areal per etasje: Varierer: 1. etasje: 1900 m2, 4. etasje: 2377 m2, 9. etasje: 877 m2 + 925 m2.
- Tal kvadrat kontoretasjar per tårn: Det varierer litt, men ca. 880 m2 i tårn nord og 925 m2 i tårn sør.
Tårn og fellesareal
Vestlandshuset er eit fleirbrukshus eigd av Vestland fylkeskommune, der vi leiger ut deler av huset, og der vi deler på fellesareala.
Tårn sør blir arbeidsplassen til om lag 800 tilsette i Vestland fylkeskommune, Skyss og Bybanen utbygging og heiltids fylkespolitikarar.
I tårn nord leiger fylkeskommunen ut til ulike firma som kjem på plass seinare. Sikt, Harris advokatfirma AS og Bybanen utbygging sitt prosjekteringskontor skal mellom anna ha kontor her.
I tillegg er 2. etasje i mellomdelen leigd ut til Experis.
Fellesareala er det store møteromssenteret i 4. etasje inkludert Vestlandssalen. I tillegg kjem kantine, møteromsområde i 1. etasje, sykkelparkering, treningsrom og garderobe i underetasjen.
Fasilitetar
Hagar
To hagar i 5. etasje og 7. etasje. Hagen i 5. etasje er tilgjengeleg for tilhøyrarar og publikum i politiske møte.
Møteromssenter
Felles møteromsområde med 32 møterom i eit møteromssenter for begge tårna i 4. etasje.
Namn på møteromma
Møteromma har fått namn etter naturen vi har her i Vestland, og ikkje minst vêret i vest.
Med utgangspunkt i fylkesvåpenet, med fjell og fjord, er møteromssenteret i 4. etasje delt inn i Fjellheimen i nordre del og Fjordarmen mot sør.
I Fjellheimen er møteromma kalla opp etter bergartar, planter, bær og vêr, som fylkessteinen i Sogn og Fjordane Eklogitt og Koronitt, som er fylkessteinen i Hordaland. Andre namn er Snøfokk, Krekebæret og Myrulla.
Den sørlege delen av møteromsetasjen i fjerde heiter Fjordarmen, og har namn etter planter, bær, frukt og vêr. Revebjølla er fylkesblomsten i Sogn og Fjordane, Kusymra er fylkesblomsten til Hordaland, og to av romma har fått desse namna. Andre namn er Morellkorga, Regnbogen og Plommesteinen.
Møteromssenteret i første etasje har fått namnet Smauet. Her har møteromma fått namn etter smau i Bergen: Knøsesmauet, Frimannsmauet, Borgesmauet, Halvkannesmauet, Klokkersmauet, Oldersmauet, Markesmauet, Stølesmauet og Hennebysmauet.
Vestlandssalen
Vestlandssalen har 72 faste plassar i amfiet og 32 plassar til publikum bak. I tillegg er det mogeleg å fylle opp møteleiingsdelen i front, slik at rommet totalt kan ta 140 publikummarar.
Kantina
Kantina har 420 plassar, og har i tillegg terrasse under tak for tilsette og leigetakarar. Kantina er drifta av Søtt + Salt.
Hagar
I 5. og 7. etasje er det hagar, og terrasse i 3. etasje
Det er ein terrasse i 3. etasje og ein hage i 5. etasje som alle som har tilgang til huset kan besøke. Plantane i hagane kjem frå gamle Sogn og Fjordane og Hordaland.
Dei to takhagane er ei forenkling av forma til Hordaland og Sogn og Fjordane fylke med dei to «fjordane» som bryt opp plantefelta og dannar rom for opphald.
Slik som fjella på Vestlandet har plantefelta fått ulik høgde som skapar variasjon.
Planter som er valt er basert på norsk natur med inspirasjon frå både «fjellvegetasjon» med lyng, einer og vier-sorter, og frodig lauvskog med meir lauvfallande artar så som gras, strutseving og rosestorkenebb. Hagen i 7. etasje tilgjengeleg for tilsette og leigetakarar.
Arkitektur og materialval
Vestland fylkeskommune ønskte ein arkitektur som får fram det opne og transparente som er berebjelka i alle demokrati, og som kjenneteiknar vårt norske samfunn.
I hjartet av huset, mellom dei to tårna, finn vi den store Vestlandssalen med publikumsgalleri. Her skal mellom anna fylkestinget ha møter. Med opne flater og gjennomsyn, kan du som står ute sjå inn til politikarane som representerer deg, og dei kan sjå ut på befolkninga som dei representerer. Huset skal vere eit symbol på opne, demokratiske prosessar og ein inkluderande og viktig møteplass som profilerer fylkeskommunen som politisk forvaltingsnivå og bidreg til dialog med innbyggarane i fylket.
Fasaden har brotne vindaugsrekker, og hovudvolumet av fasaden er delt opp for å skape ein variert silhuett i bybiletet og frå fjella rundt. Delinga skapar også gode siktliner, og huset verkar mindre massivt, og lyset slepp inn mellom tårna.
Uteareala mellom tårna, som vender både mot Lars Hilles gate og busstasjonen, blir bundne saman av utvendige trapper, og gir alle som har adgang til huset som tilsett eller på besøk, høve til å opphalde seg ute i grøne omgivnader, trass i at huset ligg midt i byen. Ein mindre og tredje uteplass er også tilgjengeleg i 7. etasje frå begge tårn. Begge tårna har også ein karnapp i tre av etasjane, som bryt opp flatane sett utanfrå, og gir variasjon i etasjen og utsikt frå innsida.
Primærkonstruksjonen består for det meste av lavkarbonbetong av så høg kvalitet som praktisk mogeleg. Der det må brukast stål, er det brukt resirkulert stål. Dette gjeld blant anna bjelkar, armeringsjern og stolpar.
Det blir brukt berande element i tre fleire stader i huset, blant anna fylkestingssalen, utvalsaler og delar av kantina. Også delar av huset innvendig blir tre brukt som kledning på vegg, golv og i tak. Det er hovudsakleg kortreist ask og furu som er brukt. Ask er nytta på alle synlege flater, mens berekonstruksjonar som fagverk og massivtreelement er i furu.
940 modular er festa på fylkeshuset. Dei er laga på førehand, fiks ferdige med aluminium, vindauge, solskjerming og vertikale lamellar. Kvar plate veg 700 kilo, er 2,4 meter breie og 3,8 meter høge, og er laga i Danmark, etter design av NSW Arkitektur.
Utbyggar LAB vann oppdraget med å bygge Vestlandshuset, saman med NSW Arkitektur, HUS, Arkitektgruppen Cubus og interiørarkitekt IARK. Sweco Norge AS er rådgivande ingeniørar for alle fag. Thor Arne Kleppan er arkitekt i NSW Arkitektur og prosjektleiar.
Berekraft
Vestlandshuset vil med god margin oppfylle den høge miljøstandarden, BREEAM-NOR Excellent. BREEAM er ei miljøsertifisering av nybygg. Excellent er det nest høgste nivået.
Fasade
Fasadane er utforma med 50 prosent vindauge frå golv til tak, og 50 prosent er tett vegg. Dette bidreg til å halde energibehovet til oppvarming om vinteren lågt og kjøling om sommaren på eit lågt nivå.
Ventilasjon
Ventilasjon blir behovsstyrt med luftkvalitetssensorar. Dette vil sikre god inneluftkvalitet med svært lite energiforbruk.
Solceller på taket
Totalt 330 solcellepanel er montert på taket av tårna og desse panela har ein forventa samla produksjon på i overkant 80 000 kWh. Dette er omtrent årsforbruket til 25 leilegheiter på 50 m2, eller ca. 47000 km i kjørelengde for ein elbil.
Gjenbruk
Mange av møblane brukte vi på Sandsli, er gjenbrukt i det nye fylkeshuset. Nokre er reinska eller trekt om, andre møblar trengte berre ein vask før dei kunne brukast igjen. Møblane er tilpassa måla i dei ulike areala i det nye fylkeshuset.
I dei sosiale sonene har vi også tatt med oss møblar som sofa og stolar.
Alt i fagbiblioteket er 100 prosent gjenbrukte møblar.
Fleire av møteromma i heimeområda i etasjane er 100 prosent gjenbruk.
Over halvparten av kontorstolane er gjenbruk.
Det som ikkje blir brukt i Vestlandshuset kan andre i fylkeskommunen bruke, som tannklinikkar og vidaregåande skuler.
PC-skjermar: Alle PC-skjermane blei med frå Sandsli, og er plassert på kontor og møterom.
El-billadarane i garasjen er tatt med frå garasjeområdet på Sandsli.
Parkering og sykkel
Parkeringsplassar
34 plassar er blir fordelt mellom Vestland fylkeskommune og leigetakarane.
Det er eit parkeringssystem som tar fleire bilar i høgda. For fylkeskommunen er plassane reserverte for service- og tenestebilar.
To av parkeringsplassane er handikapplassar. På gateplan er det fem handikapparkeringsplassar til.
Sykkelparkering
Ein eigen rampe frå gateplan i Lars Hilles gate 22 tar deg ned i sykkelgarasjen.
- 250 sykkelparkeringar for tilsette i heile fylkeshuset
- 50 plassar av desse er for el-sykkel
- 30 sykkelparkeringsplassar for gjestar
- I tillegg er det sykkelparkering utanfor huset.
Heis og klokker
Heisar
Det er seks heisar, tre i kvart tårn.
I tilleg finn du ein publikumsheis som går frå U1, som er øvste kjellaretasje, der sykkelparkering for gjester er, til 5. etasje, som er tilkomst til publikumsgalleriet i fylkestingssalen.
Heisane er blant dei raskaste i Noreg.
Klokkene
Det er tre klokker utvendig på fylkeshuset: to øvst på tårn sør, ei vendt mot sør og ei mot aust, og ei klokke på tårn nord mot nord.
Desse er stalittstyrte, og skal alltid vise heilt korrekt tid.
Urskiva er blant dei største i Noreg, med ein diameter på 5,3 meter. Til samanlikning har Big Ben ein diameter på 7 meter.
For publikum
Publikum har tilgang til fleire etasjar i Vestlandshuset.
Du finn betjent resepsjon i første etasje.
Dei politiske møta er opne for alle, og finn stad i møteromsetasjen i fjerde etasje. Der finn du dei to utvalssalane Jostedalsbreen og Folgefonna. I tillegg finn du Vestlandssalen der mellom anna fylkestinga blir haldne.
Publikumsinngangen til Vestlandssalen er frå femte etasje.
Hagen i 5. etasje er tilgjengeleg for tilhøyrarar og publikum.
Kjem du syklande har vi 30 sykkelparkeringsplassar for gjestar, inngang frå Lars Hilles gate 22.
Fleire bilete
Vil du laste ned fleire bilete frå Vestlandshuset finn du dette i Imageshop.