Foto av ei skulptursky utandørs på terrassen til Vestlandshuset. Det er mørkt ute, og i bakgrunnen er Vestlandssalen opplyst.
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Sprekkande skydekke

I hagen finn du kunstverket Sprekkande skydekke, laga av Eva Hild.

Tittel
Sprekkande skydekke
Kunstnar
Eva Hild
Stad
I hagen i femte etasje
Materiale
Glasfiberlaminert polystyren
Årstal
2023

Skulpturen består av ein organisk skyform som står i kontrast til dei rette linjene i huset. Den er feminin og organisk samtidig som den er monumental.

Skulpturen viser «det sprekkande skydekket» over Vestlandet. Dette kan opplevast på eit nesten banalt symbolsk nivå, men også meir interessant og abstrakt med tanke på den spennande organiske utforminga til skulpturen.