Miljøfyrtårn

Vestland fylkeskommune er sertifisert som miljøfyrtårn. Les om korleis vi oppfyller krava for å vere miljøfyrtårn.

Kva inneber det å vere miljøfyrtårn?

For å bli sertifisert som miljøfyrtårn må ei verksemd ha eit miljøleiingssystem og drive fram klima- og miljøarbeidet gjennom årlege handlingsplanar.

Slik oppfyller vi krava for å vere miljøfyrtårn

Vestland fylkeskommune legg klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga, og utarbeider klima- og miljørekneskap og klimabudsjett årleg. 

Vi har miljøstyring gjennom strategi- og styringsdokumentet "Miljøleiing i Vestland fylkeskommune" i kvalitetsystemet på intranett.

Fylkesadministrasjonen og einingar i Vestland fylkeskommune skal føre miljørekneskap og vere miljøsertifiserte så snart dei har helseverngodkjenning.

Einingar som er miljøsertifiserte skal halde sertifiseringa ved like gjennom løpande miljøstyring, årleg rapportering og resertifisering kvart tredje år.

Slik jobber vi for eit betre miljø

Fylkeskommunen er ein stor offentleg innkjøpar av varer og tenester. Det gjev rom for å stille tydelege krav til leverandørane våre og gjennom god dialog påverke samfunnsutviklinga i ønska retning.  

Klimarekneskapen i årsmeldinga for 2022 (pdf) syner at det rapporterte klimagassutsleppet frå den fylkeskommunale verksemda gjekk ned med om lag 4 prosent frå 2021 til 2022. Les gjerne meir om tiltaka i Årsplan Klima og Klimabudsjettet. 

Her peiker vi på nokre av dei sentrale innsatsområda i Vestland fylkeskommune: 

Overgang til nullutsleppsteknologi i kollektivtrafikken 

Kollektivtrafikken har vore, og er, eit viktig satsingsområde med bybanen og overgang til elektrisk drivne ferjer, bussar og hurtigbåtar. Det har vore store utsleppsreduksjonar i ferjedrifta over fleire år. Klimagassutsleppet frå ferje gjekk ned med om lag 30 prosent frå 2021 til 2022 

Omsyn til klima og miljø i bygg- og fylkesvegutbygging 

Fylkeskommunen har stor bygningsmasse med mange bygg som varierer i alder og standard. Vi arbeider med å etterleve berekraftsmåla til FN gjennom ei rekkje krav og tiltak i byggeprosjekt, mellom anna at alle nybygg med investeringskostnad over 100 mill. kr skal tilfredsstille krava til sertifiseringsstandarden BREEAM Excellent. Alle prosjekt med investeringskostnad over 100 mill. kr skal vere fossilfrie og ha krav knytt til bruk av utsleppsfrie anleggsmaskiner.  

 

Fylkeskommunen arbeider for å redusere klimafotavtrykket til fylkesvegane. Det er gjennomført eit forprosjektet for å vurdere potensialet for reduksjon av direkte og indirekte klimagassutslepp i ulike fasar og typar vegprosjekt. I samband med vedteken drifts- og vedlikehaldsstrategi for fylkesvegnettet, starta fylkeskommunen i 2022 pilotar for å redusere driftskostnadane og klimagassutsleppa og forlenge levetida på fylkesvegane. Ein av pilotane er ny strategi for veglys, som ved gjennomføring vil gi årleg reduksjon i klimagassutslepp med i overkant 4000 tonn CO2. Det utgjer godt over ei halvering av klimagassutslepp knytt til veglys per i dag. Avdelinga deltek også i eit FoU-prosjekt i regi av Statens vegvesen om å få klimahandtering inn i samfunnsanalysane. 

Hurtigladetilbod i heile fylket 

Fylkeskommunen ønsker å gjere hurtigladetilbodet betre for reisande i fylket og har lenge vore i front med utrulling av ladeplassar, no særskilt innan ladarar til større køyretøy og ved sjukehusa. 

Grøn næringsutvikling i Vestland 

Grøn region Vestland er eit prosjektet som saman med kommunar og lokale aktørar arbeider for å oppdage forretningsmoglegheiter i dei ulike regionane i fylket. I Grøn region Vestland er målet å finne fram til innovasjonsprosjekt og verdikjeder som kan lukkast med å auke eksport og verdiskaping, skape nye grøne arbeidsplassar og redusere utsleppa.  

Berekraftsomsyn i «alt vi gjer» 

  • I den daglege drifta jobbar fylkeskommunen systematisk med mellom anna energieffektivisering og omstilling til fossilfri bil- og maskinpark. Det blir kontinuerleg jobba med miljø- og klimakrav i innkjøp og det blir lagt til rette for miljøvenlege arbeidsreiser og digitale møter.