Grøn region Vestland

Grøn region Vestland er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Noreg på vegne av Næringsforum Vestland. Målet er å skape samarbeid mellom ulike offentlege og private aktørar for å sikre at arbeidet med grøn omstilling i Vestland kan skje både raskare, betre og enklare. Grøn region Vestland er heilt unikt i norsk samanheng.

Kva skjer no?

Grøn region Vestland har no lansert både ei oppdatering av Vestlandsporteføljen så vel som eigne heimesider. Her vil all ny informasjon publiserast . Sjå meir om prosjektet og dei nye, strategiske grøne hubbane her:

Grøn Region Vestland (gronregionvestland.no)

Grøn region Vestland riggar Vestland for det grøne skiftet

Med bakgrunn i tilrådingar frå prosjektet "Grøn region Vestland" gjennomført i 2021 har eit breitt regionalt partnarskap i Vestland gått saman om å etablere ei felles satsing for å auke tempo, gjennomføre prioriteringar og treffe dei naudsynte tiltaka for å lukkast med grøn omstilling i fylket. Prosjektet har sitt utspring i samarbeidsorganet Næringsforum Vestland, og i ei kartlegging gjennomført i januar 2022 har nesten 100 aktørar, primært verksemder og «mellomromspelarar» som næringshagar, inkubatorar, utviklingsselskap, klynger, forskingsinstitusjonar osv. svara at dei ønskjer å vere ein del av dette.

Grøn region Vestland skal vere ein aksjonsretta og lite byråkratisk samanslutning. Det er næringslivet sjølve som må stå for gjennomføringa og den faktiske realiseringa av Grøn region Vestland, men vi skal legge til rette for å gje verksemdene den støtta dei treng for å lukkast. Vi vil i størst mogleg grad nytte eksisterande strukturar, og styrke og ansvarleggjere desse innanfor deira kompetanseområde.

Grøn region Vestland vil kople næringsutviklingsarbeidet i fylket ytterlegare til klimagassreduksjon ved at grøn omstilling, næringsutvikling og klimagassreduksjon dominerer i alle ledd i eit breitt partnarskap som sameiner verkemiddelaktørane, næringslivsrepresentantar, UH‐sektoren og andre relevante partar. Med Grøn region Vestland omset vi EU sin «Grøne giv» til vestlandsk, som Noregs første region.

Organisering

Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge vil vere prosjekteigarar, medan Næringsforum Vestland er styringsgruppe. Prosjektet har no fått rigga ein særskild prosjektorganisasjon med prosjektleiar tilsett i Innovasjon Norge medan kommunikasjonsrådgjevar er tilsett i Vestland fylkeskommune. I tillegg er andre ressurspersonar hos begge prosjekteigarane tilknytt prosjektet.

Vi målrettar innsatsen for å byggje verdsleiande grøne hubar gjennom industriell symbiose

Gjennom kartleggingsprosjektet vart det identifisert ei lang rekke grøne omstillingsprosjekt som skjer innanfor 16 grøne hubar. Dei er avgrensa geografiske område der tilhøva ligg særs godt til rette for vidare utvikling og til saman har dei potensiale for 17.000 nye arbeidsplassar, kombinert med auka eksport og lågare utslepp. For å realisere potensialet i desse hubane er ein avhengig av godt samarbeid på tvers av næringar og mellom ei rekke ulike aktørar.

Prosjektet er jamleg i dialog med verksemdene og hubane om deira behov, og ein viktig del av jobben vil vere å kople hubane med dei rette «hjelparane» i både verkemiddelapparatet og blant mellomromsspelarane som har kompetanse og ressursar som kan hjelpe dei vidare. Vi informerer om kva som skjer i dei grøne hubane og legg til rette for at dei kan formidle historia si til styresmakter og moglege samarbeidspartnarar.

I alt 14 av hubane har motteke tilskot til oppstart og kartlegging. I tillegg vil prosjektet skape møteplassar for hubane og verksemdene for å auke gjensidig kunnskap om moglegheiter for industriell symbiose ein kan finne i verdikjedene til dei ulike verksemdene.

Vi styrkar innsatsen for å utvikle grøn infrastruktur og sikre krafttilgangen som trengs for det grøne skiftet

Tilgang på elektrisk kraft er rekna som den mest kritiske faktoren for å bygge ny verdsleiande industri i Vestland, da 83 % av prosjekta i Grøn region Vestland er definert som kraftkrevjande. Vi jobbar no med å etablere ei koordineringsgruppe som har særskild ansvar for grøn infrastruktur.

Kontaktperson er seksjonssjef Sølve Sondbø i Vestland fylkeskommune: Solve.Dag.Sondbo@vlfk.no .

Kva har skjedd tidlegare?

Første del av Grøn region Vestland vart ferdigstilt i desember 2021 og gav oss hovudrapporten Vestlandsporteføljen(PDF), ei oversikt over dei grøne næringsmoglegheitene vi har i fylket. Dette prosjektet bygde vidare på Vestlandscenarioene (PDF), eit analyseprosjekt frå 2020.

I Vestlandsporteføljen vart meir enn 250 innovasjonsprosjekt kartlagde og det vart peika ut 16 hubar med stort potensiale for grøn næringsutvikling og industriell symbiose. Vestlandsporteføljen peika også ut fire kritiske kampar vi må samle kreftene om, for å få opp farta på den grøne omstillinga i Vestland.

Dei fire kampane:

Viktige moment:

  • Realisere verdiskapingspotensialet i dei strategiske, grøne hubane
  • Industrialisere hydrogenøkonomien i og mellom hubane
  • Mogleggjere dekarbonisering av prosessindustri og maritim transport
  • Legge til rette for marin vekst og skalere CCU og bio-økonomi på tvers av fylket
  • Bygge infrastruktur for havvind
  • Kompetanse- og forskingsmiljøa må koplast på dei grøne hubane

Viktige moment:

  • Vi har konkurransefordelane og porteføljen for heile Vestland. Grunnlaget må brukast for å skalere «Invest in hele Vestland»
  • I samarbeid bygge regionale masterplanar for auka attraktivitet
  • Auke antal nasjonale og internasjonale etableringar og andel hovudkontor
  • Utvikle, tiltrekke og behalde kompetansen vi treng for å bygge Vestland
  • Bergen må bli internasjonalt anerkjend som havhovudstad

Viktige moment:

  • I samarbeid med sentrale myndigheiter sikre ein forpliktande steg for steg-plan for når Vestlandsporteføljen får nett
  • Bygge energisystem mellom hav og land for at vi kan bli leiande på industriell fortetting og symbiose
  • Prioritere infrastrukturinnovasjon der risikoen for tapt konkurransekraft er størst
  • Ta ut potensialet for energi- og materialattvinning i dei grøne hubane

Viktige moment:

  • Felles stemme og aktivisering av alle regionale aktørar i Vestland
  • I partnarskap etablere ein organisatorisk rigg og porteføljestyring for Vestlandsporteføljen og dei regionale porteføljane
  • Tydeleg plan, prioriteringar, mål og måloppfølging
  • Utvikle og løfte partnarskap og prosjekta i Vestlandsporteføljen for å vinne kampen om norsk og europeisk innovasjonsfinansiering
  • «Action plattform» - Felles plan for å kople aktørar og tette kompetansegapet