Slik eig fylkeskomunen

Vestland fylkeskommune har innretta eigarstyringa si i tråd med kommunelova og KS sine tilrådingar for eigarstyring. Det er viktig at eigarstyringa er innretta slik at den bidreg til at fylkeskommunen når eigarskapsmåla sine.

Fylkeskommunen vedtek ein gong i valperioden ei eigarskapsmelding som inneheld:

  • fylkeskommunen sin overordna eigarskapspolitikk
  • fylkeskommunen sine forventningar til selskapa og prinsipp fylkeskommunen vil styre ut frå
  • korleis fylkeskommunen si eigarstyring skal og kan skje
  • ei verksemdsoversikt med eigen omtale av kvar verksemd

Frå og med 2024 vil fylkestinget få framlagt ein årleg rapport om selskapa dei åra det ikkje vert lagt fram ei samla eigarskapsmelding.

Eigarskapsmeldingar

Eigarstrategiar

For desse selskapa har fylkeskommunen i tillegg utarbeidd eigne eigarstrategiar:

Felles eigarstrategi for arbeidsmarknadsbedriftene

Fylkestinget har vedteke ein eigen eigarstrategi for arbeidsmarknadsbedriftene, for å utdjupe kva som er føremålet med å eige arbeidsmarknadsbedriftene. Strategien vil også bli brukt til å stille spesifikke forventningar og krav overfor arbeidsmarknadsbedriftene, mellom anna til korleis bedriftene skal jobbe, og til korleis selskapa legg til rette for å involvere eigar/-ane i styringa av selskapet.

Felles eigarstrategi for arbeidsmarknadsbedriftene (pdf)