Grafisk profil

All kommunikasjon frå fylkeskommunen skal ha ein klar og tydeleg avsendar og den visuelle profilen skal vere førande for all profilering. Logo skal alltid vere med på publikasjonane våre og skal følgje retningsliner for bruk av logo.

Den visuelle identiteten er inspirert av utsnitt frå fylket sett frå lufta, og er kopla til fylkesvåpenet – som viser kystlina sett framanfrå.

Logo

Logoen er sjølve symbolet på fylkeskommunen. Han er samansett av våpenskjoldet og fylkesnamnet. Berre unntaksvis kan fylkesvåpenet nyttast åleine utan namneteksten.

  • Bruk alltid originale logofiler med rett oppløysing. Lag aldri eigne versjonar.
  • Ikkje plasser logo på urolege bakgrunnar.
  • Logoen må skalerast proposjonalt.
  • Plassér aldri avdelingsnamn, slagord eller anna tekst inn som en del av sjølve logoen.

Logo for Vestland fylkeskommune (eps)
Logo for Vestland fylkeskommune (jpg)
Logo for Vestland fylkeskommune (png)

Logopakke (zip) (inneheld logo med svart og med kvit tekst, i filformata eps og jpg)

English logos (zip)

Logo for Vestland fylkeskommune i fire varianter. Felt som viser minimumsavstand mellom dei.

Skrifttype

I all kommunikasjon bruker vi skrifttypen Roboto og Roboto Slab. 

Fargar

Fargepaletten til Vestland fylke består av tolv fargetonar som framhever den djupe blå fargen i fylkesvåpenet. Merk at blåfargen i fylkesvåpenet er ikkje ein profilfarge og skal berre brukast i fylkesvåpenet.

Visning av de tolv fargene i profilen med fargekoder notert på.

Dekorelement

Tilleggselementet er ei forenkla framstilling av landskapet i fylket sett ovanfrå. Gjennom ei forenkla framstilling av landskapet, er det teikna inn fjord, skog, fjell, by/tettstad, isbre, vêr, og dei fylkeskommunale tenestene veg, vidaregåande skular og tannklinikkar. Alle desse kjenneteikna har fått kvart sitt visuelle mønster.

Bilete av dekorelement i profilen og dei forskjellige laga ein kan bruke.

Fotostil

Akkurat som det geografiske kartet er brukt som tilleggselement er fotomotiva tekne i fugleperspektiv i ulik avstand til objekta. Slik oppnår vi ein likskap og ein eigenarta stil for foto som er med på å byggje ein sterk identitet.

Eksempelbildete i fotostilen til Vestland. Alle tekne ovanfrå, med drone.