Tørrskodd over Ytre Steinsund
811 meter bru i havgapet vart støypt saman 31. august, i det største pågåande fylkesvegprosjektet i Vestland. Med dette kan brua opnast før 1. desember i år.
– Dette er ein stor og viktig milepåle for prosjektet då ein for første gang kan gå "tørrskodd" over Ytre Steinsund til Sula, og det viser at vi ligg godt an i høve tidsplanen, seier prosjektleiar Helge Jostein Follevåg i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Mot opning før desember 2026
Bruprosjektet Ytre Steinsund bru på fv. 606 i Solund kommune består av ei bru på 811 meter med sju aksar og 4365 meter ny veg. Brua erstattar ferjesambandet Daløy–Haldorsneset, og vil gi innbyggarane på Ytre Sula døgnope samband til kommunesenteret Hardbakke og resten av øykommunen.
– Vi er veldig glade for å kunne gjere den siste samanstøypinga i dag. Det har vore tøffe tak her på kysten med stormar med orkan i kasta i vinter og dagar vi ikkje har kunna arbeide. Men vi har klart å halde framdrift og produsert opp til 25 løpemeter bru i veka på det meste, seier Follevåg.
Om tidsplanen held kan brua opnast i slutten av november 2026, ein månad før kontraktsfesta tid.
– Det er godt samarbeid og imponerande innsats frå dyktige medarbeidarar gjennom fleire år som ligg bak samanstøypinga. Vi er stolte over denne enorme konstruksjonen i lag med Vestland fylkeskommune og ser fram til å fullføre den, seier Bjørn Morten Bruvik, prosjektleiar i hovudentreprenør Skanska.
Meter for meter i sårbar konstruksjon
– Det er godt å nå dette målet da brukonstruksjonen er sårbar før ein får støypt dei fire spenna saman, det er heilt klart at ver og vind har vore den største utfordringa her i det fantastiske landskapet i ytre Sogn, seier Follevåg. – Trass veret har vi i lag med Skanska produsert meter for meter8 jamt og trutt, og framdrifta og stå-på-viljen har vore imponerande.
Betongbrua blir bygd som ei fritt fram-bru i spennarmert lågkarbonbetong. Støypevogner har balanserert på kvar side av dei om lag 50 meter høge brusøylene og støypt like lengder bru dag for dag, ein metode som er ideell for lange spenn og ikkje altfor djupt vatn.
Bruprosjektet er eit fylkeskommunalt ferjeavløysingsprosjekt med kostnadsramme på 1,264 milliardar kroner.
Hektisk aktivitet i haust
Byggearbeidet starta med vegarbeid på land i 2022, og sommaren 2024 vart fundamenta til brusøylene senka på plass i sjøen. Enno er det mykje som skal bli ferdig før øybuarar og andre kan nytte fastlandsforbindelsen. Sjølve brua skal fuktisolerast og få asfalt og rekkverk, det skal monterast elektroanlegg både innvendig og utvendig på brua, og dei 4,4 kilometrane med ny veg på land skal få eit siste lag med asfalt.
– Vi håpar på godt haustver og gler oss veldig til å opne Ytre Steinsund bru, vi merkar kor viktig ho er for folk her i området, seier Follevåg.