Veglys: Pause for enkeltlysa, oppgradering av lysanlegg held fram

Fjerning av enkeltståande veglys langs fylkesvegane er stoppa og skal greiast betre ut i ny sak. Samstundes må oppgradering av samanhengande veglysanlegg halde fram for tryggare vegar.

Ein mann i knallgult arbeidstøy og hjelm står oppe i ei lita arbeidsvogn på toppen av ei kran. Vogna er heist opp til lysarmaturet til ein lyktestolpe, og mannen arbeider med å demontere lyset på toppen av stolpen. Det går svarte ledningar frå stolpen til andre lyktesolpar, det er grøne lauvtre rund stolpen og grått overskya ver.
VEGLYS ELLER IKKJE: No er 48% av lysa i veglysanlegg i Vestland skifta til LED-lys, som her på Turøyvegen. Om mange av dei enkeltståande lysa langs fylkesveg skal fjernast eller driftast vidare skal greiast ut meir. Foto: Adrian Kasin/Vestland fylkeskommune

Dette vedtok hovudutval for samferdsle og mobilitet i møte 12. november 2026, etter reaksjonar på fylkeskommunen sitt arbeid med sløkking av enkeltståande veglys. 

Ber om ny sak og meir dialog

Fylkeskommunen vurderte å fjerne 2000 slike veglys i Vestland, av omsyn til tryggleik, drift og økonomi. Dei gjer ikkje nødvendigvis tilhøva tryggare for trafikantane. No skal ei ny utgreiing om veglys leggast fram for politisk handsaming i fylkesutvalet før vidare arbeid blir gjort, også for veglys som er tekne bort. Trafikktryggleik, kvalitet på anlegga og kostnadar skal fortsett vere sentrale moment i vurderinga, og det skal vere god dialog med kommunane og andre.

Noko av bakgrunnen er også at omfanget er større enn det som vart lagt til grunn då fylkestinget handsama veglysstrategien for fylket i 2022: no er heile 5,4 % av dei rundt 37 000 veglysa langs fylkesvegane vurdert fjerna.

– Vi har høyrt reaksjonane frå innbyggarar og trafikantar, og vi tek dei på alvor. Difor er arbeidet stoppa og vi ber om ei grundig sak der alle sider ved fjerning av enkeltståande lys vert vurderte, før vidare vedtak,  seier Arve Helle, leiar i hovudutval for samferdsel og mobilitet.

Reaksjonar i fylket

Tiltaket vekte sterke reaksjonar fleire stader i fylket. Mellom anna er det fjerna enkelståande veglys i Kvinnherad, Fusa og Ullensvang i 2026, og det er komme fleire klager. Hovudutvalet har full forståing for dette og vil at det i det vidare arbeidet vert lagt meir vekt på dialog med kommunane og andre involverte. Fylkeskommunen ser og at årsakene til avviklingane og dei positive sidene ved dette ikkje er synleggjorde godt nok i prosessen til no.

– Vi forstår at det vekker reaksjonar når lys ved vegen forsvinn der folk er van med å ha dei. No skal kommunane vere med tidlegare i prosessen, og vi skal tydeleggjere kva som faktisk gir betre tryggleik, seier Helle.

Kan gi falsk tryggleik

Fagkunnskapen seier at både mjuke og harde trafikantar kan bli lurte av veglys som står utan andre lys i nærleiken, dei bidreg ikkje til jamn lyssetjing og kan gi falsk tryggleik. Slike lys kan skape blending og store skilje mellom nokre få opplyste vegmeter og totalt mørke. Fylkeskommunen vil no gå nye rundar med kommunane, også om kor mange gåande og syklande som ferdast der lys er vurderte avvikla, til dømes ved busstopp.

Oppgradering godt i gang

Hovudutvalet seier også at oppgraderinga av samanhengande veglysanlegg held fram som del av strategien «Veglys langs fylkesveg i Vestland», vedtatt i 2022. Behovet her er stort i fylket, kartlegginga viser at mange veglysanlegg er så gamle at vidare drift blir vanskeleg eller umogleg.

Oppgradering er viktig for å auke trafikktryggleiken, redusere straumforbruket, sikre stabil drift og unngå at vegar med mange mjuke trafikantar vert mørklagde grunna gamle anlegg. Delen med LED-armaturar er auka frå 15 prosent i 2022 til 48 prosent i dag. Oppgradering til LED reduserer også straumforbruket med 75 prosent.