Utstilling og formidlingsseminar om Den Trondhjemske postvei

Nasjonalt postvegprosjekt nærmar seg slutten, men målet er at vegen også i framtida skal bidra til meir aktivitet og lokal verdiskaping.

Historisk bilde frå Strandens grend i Sandviken i Bergen. Barn og vaksne samla ved gjerde/veg utanfor eit kvitt hus.
POSTVEGEN: Den trondhjemske postvegen går langs Strandens grend i Sandviken. I dag er det lagt asfaltdekke på vegen, men vegløp og vegbreidde er framleis intakt i dette området. (Foto: Spesialsamlingene ved Universitetsbiblioteket i Bergen, signatur: ubb-bros-05065)

I tre år har Nasjonalt postvegprosjekt arbeidd med å syne verdien av Den trondhjemske postvei som kulturmiljø. Det har vore eit mål å løfte fram historiene langs vegen og leggje til rette for at fleire tek i bruk lokale postvegstrekningar.

Den trondhjemske postvei går gjennom vestlandskommunane Bergen, Alver, Gulen, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord, Gloppen og Stryn.

Nasjonalt samarbeidsprosjekt

– Den trondhjemske postveg er eit av dei lengste kulturminna i Noreg, og Vestland er så heldig å ha ein solid bit av vegen. Frå bykjernen i Bergen går postvegen nordover gjennom fjordlandskap, jordbruksbygder og fjellområde. Eg håpar at postvegen blir sentral i reiseliv, verdiskaping og opplevingar i fylket også etter at det nasjonale prosjektet er avslutta, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Nasjonalt postvegprosjekt er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og Statens vegvesen. Riksantikvaren har også støtta prosjektet. Les meir om prosjektet på postvei.no.

Utstilling frå 25. november  

Onsdag 25. november kl. 13.00 opnar utstillinga «Ut på tur? Prøv Postveien!» på Bibliotek for humaniora ved Universitetet i Bergen. Utstillinga løftar fram postvegtraseen mellom Bergen sentrum og Eidsvåg. Dette var ei ferdselsåre lenge før postvegen vart til. Dette var nemleg den gamle vegen til byen for dei som ikkje kom sjøvegen. Etter at Den trondhjemske postvei vart lagt her, vart vegen utbetra og tilrettelagt for den nye trafikken.

Utstillinga blir ståande til hausten 2027 og formidlar historia til postvegen gjennom tekst, fotografi og film. I tillegg skal nokre gjenstandar levande gjere mellom anna det å gå tur.

Formidlingswebinar 2. desember

Nasjonalt postvegprosjekt har blant anna arbeidd med å skape aktivitet og lokal verdiskaping med utgangspunkt i postvegen. No vil prosjektet viser frå noko av det som er skapt, dele erfaringar og sjå kva som kan gjerast vidare.

2. desember blir såleis ein «postveg-formidlingsdag». Då inviterer prosjektet til tre digitale seminar:

Kl. 08.30–10.00: Korleis skape nye aktivitetar langs postvegen?

Kva skjer når lokale aktørar går saman om å utvikle postvegen? Vi viser resultat frå lokale prosessar der deltakarane har jobba saman etter ein metodikk som vi kallar samskaping. Vi deler også erfaringar med korleis slikt samarbeid kan skape nye aktivitetar, opplevingar og lokal verdiskaping.

Kl. 10.30–12.00: Korleis få fleire til å ta postvegen i bruk?

Langs postvegen er det rydda, skjøtta og skilta, og lokale aktørar har sett i gang ei rekkje tiltak. Vi viser kva som er gjort, kva det har ført til og kva vi har lært om korleis relativt små tiltak kan utløyse lokal aktivitet og engasjement.

Kl. 13.30–15.00: Korleis gjere postvegens historie levande?

Korleis kan film, historieforteljing og ny kunnskap gi oss nye inngangar til postvegen? Gjennom Kulmin, samarbeid med Høgskulen i Volda, arkeologiske undersøkingar og andre tiltak har vi prøvd ut ulike måtar å formidle og utvikle ny kunnskap om postvegen på. Vi viser noko av det som er skapt, og deler erfaringar frå dei ulike tilnærmingane.

Seminaret er gratis og særleg retta mot alle som har delteke i eller bidrege til prosjektet. Det er også ope for andre med interesse for postvegen, kulturarv, lokal utvikling og formidling, og ein kan delta på heile dagen eller utvalde seminar.

Du finn fullstendig program og lenke til påmeldingsskjema her.