Digitalt formidlingsseminar om Den trondhjemske postvei

Nasjonalt postvegprosjekt presenterer resultat og deler erfaringar frå arbeidet med Den trondhjemske postvei.

Dagen er lagt opp som tre uavhengige seminar, der du kan delta på dei du ønskjer:

  • Kl. 08.30–10.00: Korleis skape nye aktivitetar langs vegen?
  • Kl. 10.30–12.00: Korleis få fleire til å ta postvegen i bruk?
  • Kl. 13.30–15.00: Korleis gjere postvegens historie levande?

Her kan du sjå detaljert program for heile dagen (pdf).

Seminaret er gratis.

Målgrupper

Seminaret er særleg retta mot alle som har delteke i eller bidrege til prosjektet, men er også ope for andre med interesse for postvegen, kulturarv, lokal utvikling og formidling.

Om prosjektet

Prosjektet Den trondhjemske postvei er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal, Trøndelag og Vestland fylkeskommunar og Statens vegvesen. I Vestland går postvegen gjennom desse kommunane: Bergen, Alver, Gulen, Hyllestad, Fjaler, Sunnfjord, Gloppen og Stryn.

Les meir om Den trondhjemske postvei på postvei.no.