Store forskjellar i korleis vestlendingane har det
Dei fleste vaksne i Vestland fylke trivst i nærmiljøet sitt og meiner dei har god helse. Samstundes er det store sosiale forskjellar, og fleire enn tidlegare slit psykisk og økonomisk.
Det viser dei første resultata frå Folkehelseundersøkinga 2026. Undersøkinga vart gjennomført våren 2026 av Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestland fylkeskommune. Nær 69 000 innbyggjarar over 18 år har svart på spørsmål om blant anna tilgang til lokale tenester og tilbod, fysisk og psykisk helse, levevanar, mobilitet og livskvalitet.
Dei første resultata frå undersøkinga blir lagde fram i dag. Framlegginga blir sendt direkte i nett-tv frå kl. 9.
Økonomisk situasjon er avgjerande
Resultata frå Folkehelseundersøkinga 2026 gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for folkehelsearbeidet.
– Dei største forskjellane kjem til syne mellom grupper med ulik økonomi. Nesten 68 prosent vurderer helsa si som god eller svært god. Men blant dei som opplever økonomien som svært vanskeleg, gjeld dette berre om lag tre av ti. Blant dei som har svært lett økonomi, er delen rundt åtte av ti, seier forskar Gunnhild Johnsen Hjetland ved Folkehelseinstituttet.
Forskjellar i alder og mellom kommunar
Aldersforskjellane i Vestland er tydelegast for psykisk helse, livskvalitet og levevanar. Dei yngste rapporterer mest psykiske plager, einsemd og økonomiske utfordringar. Dei eldre rapporterer oftare om betre livskvalitet, mindre einsemd og sunnare kosthaldsvanar.
Forskjellane mellom kommunane gjeld først og fremst tilgang til tenester og infrastruktur, som offentleg transport, kultur- og idrettstilbod og gang- og sykkelvegar. Her kan delen som rapporterer god eller svært god tilgjengelegheit variere med over 50 prosentpoeng mellom kommunane. Forskjellane i helsa og livskvaliteten mellom kommunane er langt mindre.
– Resultata viser oss helsetilstanden og ulike faktorar som påverkar helsa fordelt på kjønn, alder, utdanning og økonomi. Det er viktige indikatorar i arbeidet med å skape berekraftig samfunnsutvikling og gode nærmiljø, seier May-Britt Nesje Hernes, seksjonsleiar for plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune.
Dei fleste oppgir god helse og tannhelse
Folkehelseundersøkinga viser både styrkar og utfordringar ved folkehelsa i Vestland. Dei fleste innbyggjarane svarer at dei har god helse og tannhelse, og mange vurderer nærmiljøet sitt som godt og trygt. Heile 94 prosent seier at dei har god eller svært god tilgjengelegheit til natur- og friluftsområde.
Undersøkinga viser òg at den sosiale deltakinga har auka, og at fleire mål på alkoholbruk har utvikla seg i gunstig retning sidan førre undersøking i 2022. Blant anna har episodisk høgt alkoholforbruk gått ned.
Mindre sosial støtte og lågare tillit
Samstundes rapporterer om lag kvar sjuande innbyggjar om søvnproblem. Nesten like mange oppgir at helseproblem påverkar kvardagen i stor grad, og nær kvar femte har fedme. Samanlikna med 2022 viser resultata frå 2026 lågare livstilfredsheit, nedgang i positive kjensler, mindre sosial støtte og lågare tillit til andre. I tillegg er nivået av psykiske plager høgare, og fleire rapporterer søvnproblem og at helseplager i stor grad påverkar kvardagen.
– Desse utviklingstrekka speglar i stor grad det vi har sett i andre fylke dei seinare åra, seier Hjetland.
Fleire opplever økonomiske vanskar
Delen som opplever at økonomien er vanskeleg, auka frå 19 prosent i 2022 til 23 prosent i 2026. Vanskeleg økonomi heng saman med mindre gunstige resultat for mellom anna helse, tannhelse, søvn, einsemd, sosial støtte og livstilfredsheit.
– Den økonomiske gradienten går igjen på svært mange område. Resultata viser kor viktig det er at folkehelsearbeidet òg tek omsyn til levekår og sosiale forskjellar, seier Gunnhild Johnsen Hjetland.
Undersøkinga kan ikkje fastslå om økonomiske vanskar fører til dårlegare helse, om helseproblem bidreg til økonomiske vanskar, eller om samanhengane skuldast andre underliggjande forhold. Auken i økonomiske vanskar er basert på korleis deltakarane sjølve vurderer kor lett eller vanskeleg det er å få hushaldsøkonomien til å strekke til i kvardagen, ikkje om faktiske inntekts- eller formueendringar.
Fleire resultat i desember
Dei første resultata frå Folkehelseundersøkinga 2026 vart lagt fram under Styrke i samspel-dagane i Bergen 15. oktober. Framlegginga vart sendt i nett-tv, og opptaket blir gjort tilgjengeleg på nettsida til fylkeskommunen.
Fleire resultat frå Folkehelseundersøkinga 2026 kjem i desember. Resultata frå tilleggsspørsmåla om mellom anna klima, beredskap, bustad, reiseliv, vald og overgrep, deltaking i frivilligheit og kultur blir lanserte 1. desember 2026.