Lansering av tilleggsrapport frå Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland

I lansering nummer to kjem resultata frå tilleggsspørsmåla i Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland.

Då får du vite meir om kva nesten 69 000 innbyggarar i Vestland svara om blant anna eigenberedskap, klimauro, vald/traumer, fritid, bustad og reiseliv.

Sidan det er eit breitt spenn i tematikk inviterer fylkeskommunen til ein fagdag for å diskutere dei ulike resultata. Folkehelseinsituttet presenterer først resultat for kvart tema frå Folkehelseundersøkinga 2026, og deretter blir diskusjon og dialog med interne og eksterne fagmiljø (t.d. Statsforvaltaren, RVTS, HVL) knytt til dei ulike tema. 

Program 

Lunsj

  • Klimaendringar og eigenberedskap
  • Kvinnehelse 
  • Diskriminering og alvorlige livshendingar

Påmelding

Det er mogleg å delta både fysisk på Leikanger, men arrangementet vert også streama. Melde deg på via lenke til høgre på sida. 

Streaminglenke vert også lagt på nettsida her.