Slik fann eplebonden ein ny måte å sikre fylkesvegane på

Ein idé frå garden kan bli eit nytt verktøy i skredsikringsarbeidet til Vestland fylkeskommune. No viser dei første resultata frå eit droneprosjekt ved Feiostunnelen lovande resultatar.

Tre raude epler på ein grein med grøne blader på. I bakgrunnen ser du blå fjord, fjell og blå himmel. Foto: Svein Jarle Slinde/Vestland fylkeskommune
LOVANDE: Svein Jarle Slinde tok meg ein idé frå eplehagen på jobb. Resultata så langt er svært lovande. Foto: Svein Jarle Slinde/Vestland fylkeskommune

Når arbeidsdagen som byggeleiar for fjellsikring er over for Svein Jarle Slinde, ventar 3000 epletre heime på garden på Ylvisåker i Sogndal. Interessa for landbruk og ny teknologi har også ført til innovasjon på jobb.

I fleire år har byggeleiaren og fruktbonden fundert på korleis ein kan få vegetasjon til å etablere seg raskare i rasfarlege fjellsider.

Ein mannn med briller og svart caps og svart tskjorte står foran ein hage med epletre. Bak han er eit fjell og grå himmel. Foto: privat
EPLEBONDE: Svein Jarle Slinde har 3000 epletre på garden sin. No håpar han at teknologien han brukar på garden kan sørge for tryggare vegar. Foto: privat

– Som bonde har eg alltid sett kor viktig det er å få noko til å gro. Etter ras eller skredsikringsarbeid står ofte fjellsidene att som opne sår. Det kan ta svært lang tid før naturen kjem tilbake av seg sjølv, seier han.

Frå landbruk til rassikring

Ideen oppstod ikkje på ein anleggsplass, men gjennom nyheitsbrev frå Norsk Landbruksrådgiving.

– Eg fekk stadig informasjon om korleis dronar blir tekne i bruk i landbruket til gjødsling og såing i terreng som er vanskeleg å nå. Då begynte eg å tenkje: Kvifor kan vi ikkje bruke den same teknologien i skredsikringsprosjekt?

Tanken vart liggjande ei stund før han fekk nytt liv gjennom Vestland fylkeskommune si forslagsordning for tilsette. Då byrja ballen å rulle.

– Eg har jobba med rassikring i mange år og ser dei same utfordringane om att. Når vegetasjonen blir fjerna, ligg jorda eksponert. Det kan føre til erosjon. Jord i fjellsidene er ofte næringsfattig, så det tek mange år å reetablere vegetasjonsdekke.

Testa langs Feiostunnelen

Tidlegare i år fekk han mogelegheit til å prøve ut ideen i praksis langs fylkesveg 5602 ved Feiostunnelen i Vik kommune.

Saman med droneselskapet Fyke AS vart det etablert fire testområde med ulike behandlingar:

  • eitt område utan tiltak
  • eitt område med berre såing
  • eitt område med ekstra mykje frø og gjødsel
  • eitt område med normal mengd frø og gjødsel

Før arbeidet vart gjennomført, var Statsforvaltaren involvert for å sikre at tiltaket ikkje ville påverke freda artar eller sårbar fauna. Frøblanding vart anbefalt av Statsforvaltaren.

Droneflyginga gav samtidig svært presis dokumentasjon.

– Vi får GPS-spor frå heile operasjonen og rapportar som viser nøyaktig kvar det er sådd og kor mykje som er brukt. Det gir ein heilt annan kontroll enn tradisjonelle metodar, seier Slinde.

Resultata kjem raskt

Åtte veker etter såing og gjødsling vart testområda inspiserte av prosjektgruppa.

Skilnadene var tydelege.

I områda der det var brukt både frø og gjødsel, hadde vegetasjonen etablert seg godt med tett og grøn vekst. Områda som berre vart sådde, eller der det ikkje vart gjort tiltak, hadde langt svakare utvikling.

– Grønt gras er sunt gras. Når vi samanliknar felta side om side, er det enkelt å sjå skilnaden. Dette er ikkje berre tilfeldige variasjonar, men resultat som gir oss viktig kunnskap, seier han.

Ei fjellside med grøne vekstar.
FØR: Slik såg fjellsida ut før dronesåinga. Foto: Svein Jarle Slinde/Vestland fylkeskommune
Ei fjellside med grøne vekstar.
ETTER: Åtte veker etter såing og gjødsling var det tydeleg forskjell i fjellsida. Foto: Svein Jarle Slinde/Vestland fylkeskommune

Kan bli eit viktig verktøy

Vestland har mange vegar som går gjennom bratt og rasutsett terreng. Med klimaendringar og meir ekstremvêr aukar behovet for gode og kostnadseffektive løysingar.

Slinde meiner dronesåing kan bli eitt av fleire nye verktøy i framtidas skredsikringsarbeid.

– Potensialet er stort. I staden for å sende folk inn i bratt og rasfarleg terreng, kan vi bruke dronar til å så og gjødsle trygt frå lufta. Samtidig er kostnadene lågare enn mange alternative metodar.

Dronen som vart nytta i prosjektet kan spreie opptil 400 kilo frø eller gjødsel i timen og handterer område som tidlegare ville vore svært krevjande å nå.

Innovasjon på si

For Slinde er prosjektet eit godt døme på korleis erfaring frå ein annan del av livet kan gi verdi på jobb.

Han voks opp på gard, har drive som bonde i 14 år og kombinerer framleis arbeidskvardagen med drift av eplegarden.

– Eg er eigentleg berre byggeleiar, men eg har fått lov til å arbeide med dette prosjektet ved sida av dei vanlege oppgåvene mine. Det er eg veldig takksam for. Vestland fylkeskommune har gitt meg handlingsrom til å prøve ut ein idé som kanskje kan komme mange til nytte.

No blir forsøket følgt vidare gjennom sesongen. Om resultata held fram med å vere like lovande, kan det som starta som ein tanke frå ein eplehage i Sogndal, bli ein ny metode for å føre vegetasjonen tilbake på eit område der planter og jordsmonn har blitt øydelagt eller fjerna. og skredsikring over heile fylket.

– Innovasjon treng ikkje vere komplisert. Nokre gonger handlar det berre om å ta kunnskap frå éin stad og bruke ho til å løyse utfordringar ein annan stad, seier han.