No kan kommunar få kvalitetsstempel for god ungdomsmedverknad
Kor godt fungerer eigentleg ungdomsrådet i kommunen? Vestland ungdomsutval inviterer no kommunane til å dokumentere arbeidet sitt og søkje om Ungdomsstempelet.
Ideen kjem frå Marcus Askildsen i Vestland ungdomsutval (VU) og Lina Wille-Johansen, leiar for Ungdommens fylkesråd i Akershus.
– Eg håpar mange grip moglegheita, både for å styrkje ungdomsråda, og for å vise at dei faktisk satsar på ungdom, seier Askildsen.
Frøya Hatteberg representerte Vestland ungdomsutval på fylkestinget i dag og lanserte ungdomsstempelet:
– Vi er skikkeleg stolte over resultatet. Ungdomsstempelet er laga for å betre ungdomsmedverknaden i heile Noreg. Det skal vere stas å ha ungdomsstempelet, sa Hatteberg.
Ungdom har sett standarden
Ungdomsstempelet er utvikla av fylkesungdomsråda sjølve. Askildsen og Wille-Johansen har arbeidd med ideen over tid og presenterte konseptet for dei andre fylkesungdomsråda. På ei samling for fylkesungdomsråda i Tromsø var alle med på å forme innhaldet.
– Det betyr at ungdom sjølve har sett standarden for kva god medverknad skal vere. No tek fylkesungdomsråda ordninga vidare i sine fylke, fortel Askildsen.
Stempelet skal gjere det tydeleg kva som skal til for at eit ungdomsråd fungerer godt, frå organisering og demokratisk medverknad til inkludering, opplæring og synlegheit. Målet er at ungdom skal få reell påverknad i lokalsamfunnet.
– Eit viktig poeng for oss er at kommunar som gjer ein god jobb med ungdomsmedverknad, skal få synlegheit og skryt. Stempelet skal gi anerkjenning til dei som er gode, og inspirasjon til dei som ønskjer å styrkje arbeidet sitt, seier Askildsen.
Håpar det kan bli starten på noko større
Askildsen håpar Ungdomsstempelet etter kvart også kan få betydning utover ungdomsråda.
– Dersom kommunane lukkast med å bruke Ungdomsstempelet til å styrkje arbeidet med ungdomsmedverknad, kan det bli ein modell for korleis vi jobbar med unge på tvers av sektorar. Kommunane kan gå føre og vise veg for bedrifter, organisasjonar og offentlege aktørar som vil arbeide meir systematisk med ungdom.
Han meiner ungdomsråda også kan vere ein viktig arena for å lære demokrati i praksis.
– Ungdomsråda er ikkje berre eit organ i kommunen. Det er og ein treningsarena for demokratisk deltaking, medverknad og leiarskap.
Slik får kommunen Ungdomsstempelet
Ungdomsstempelet er ikkje ei politisk ordning som må vedtakast av kommunestyret. Det er eit kvalitetsverktøy utvikla av fylkesungdomsråda, og det er fylkesungdomsrådet som vurderer søknaden og tildeler stempelet.
For å få stempelet må kommunen eller ungdomsrådet oppfylle minst 80 prosent av kriteria som er sette. Det blir mellom anna vurdert korleis ungdomsrådet er organisert, om ungdom får reell medverknad i politiske prosessar, kor breitt rådet representerer ungdom i kommunen, og kva opplæring medlemmene får. Synlegheit, kommunikasjon og rådet si eiga vurdering av styrkar og utfordringar er også ein del av vurderinga.
Kommunen eller ungdomsrådet sender inn dokumentasjon på kriteria og ei kort eigenvurdering med styrkar, utfordringar og mål for vidare utvikling. Dersom noko manglar, får kommunen høve til å forbetre søknaden før den endelege vurderinga.
Kommunar i Vestland som ønskjer å bli vurderte, kan sende søknaden direkte til leiar Marcus Askildsen i Vestland ungdomsutval.