Lite skal til for å få mindre kø på Sotrabrua

Ein ny trafikkanalyse viser eit stort potensial for å redusere køen: Ni av ti bilførarar over Sotrabrua køyrer aleine i rushtida.

Grå asfalt på ein motorveg der fleire bilar køyrer i kø. langs vegen er det grønt gress og grå lyktestolpar.
KØ: No veit vi når køen til og frå Sotra er på sitt verste. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Frå klokka 06.15 til rundt 07.15 passerer det så mange bilar mot Bergen at vegen er full. Fleire kjem ikkje over brua i denne perioden, og køen byggjer seg opp fram mot brua. Etter klokka 07.15 blir det noko mindre trafikk, men køen står heilt til rundt klokka 08.30. Om ettermiddagen er det motsett: Då er det retninga mot Sotra som er tettast, med mykje trafikk i tre timar frå rundt klokka 14.15 til 17.15.

  • Ni av ti køyrer aleine. Det gir minst 7500 ledige sete i privatbilane som køyrer mot Bergen kvar morgon mellom klokka 06 og 09.
  • Brua er heilt full i éin time kvar morgon, frå klokka 06.15 til 07.15. Fleire kjem rett og slett ikkje over.
  • Handverkarane kjem ein time før pendlarane. Yrkestrafikken toppar seg klokka 06 og 15, medan privatbilane toppar klokka 07 og 16.
  •  Sjølv om bussane berre utgjer to prosent av køyretøya, fraktar dei 30 prosent av alle som reiser.
  • Berre 13 prosent mindre trafikk skal til for at køen forsvinn heilt, viser analysen.

Analysen er del av prosjektet Detaljerte transportdata. Der samarbeider Vestland fylkeskommune med teknologiselskapet Counting Hero AS om å bruke kamera og maskinlæring til å telje og klassifisere trafikk i sanntid.

 

 

Det er Vestland fylkeskommune som har undersøkt køyremønsteret på Sotra, for å få betre kunnskap om trafikken, og kva som kan gjerast for å redusere tida bilistar står i kø. Analysen er del av prosjektet Detaljerte transportdata, der Vestland fylkeskommune samarbeider med teknologiselskapet Counting Hero AS om å bruke kamera og maskinlæring til å telje og klassifisere trafikk i sanntid.

Yrkessjåførane er morgonfuglar

Analysen skil mellom privatbilar og yrkestrafikk, og viser at dei to gruppene har litt ulike mønster:

  • Yrkestrafikken har morgontopp klokka 06, medan privatbilane toppar klokka 07.
  • På ettermiddagen snur det: Yrkestrafikken toppar seg klokka 15, medan toppen for privatbilane kjem rundt klokka 16.
  • På fredagar flatar ettermiddagstoppen til privatbilane tidlegare ut. Det er truleg fordi fleire avsluttar arbeidsveka tidleg.

Kort sagt: yrkessjåførane er på vegen omtrent ein time før privatbilistane, både morgon og ettermiddag.

Ni av ti køyrer aleine

Eit av dei mest interessante funna er kor mykje ledig plass det faktisk er i bilane som køyrer over brua. Rundt 90 prosent av bilane i rushtida har berre føraren om bord. Det gir minst 7 500 ledige sete i privatbilane som køyrer mot Bergen mellom klokka 06 og 09.

Samtidig skal det ikkje mykje til før brua held seg under det tettaste trafikknivået, altså det punktet der det blir kø. På dagar med rundt 13 prosent mindre trafikk enn ein vanleg kvardag, vart det ikkje kø i det heile. Om heile denne skilnaden hadde kome frå færre åleinekøyrande privatbilar, tilsvarar det at rundt 18 prosent av bilistane i morgonrushet hadde teke bussen eller sete på med nokon andre.

— Her ligg det eit stort potensial. Når ni av ti bilar berre har sjåføren om bord, betyr det at svært mange reiser med mykje ledig plass. Om berre ein liten del av desse hadde tatt bussen eller køyrt saman med andre, ville det merkast godt på køen, seier Sigmund Kristoffer Solberg, senioringeniør i Vestland fylkeskommune.

Bussen fraktar 30 prosent av dei reisande

Mellom klokka 06 og 09 reiser rundt 4 000 personar over brua mot Bergen i privatbil eller buss. Av desse tek rundt 1 200 bussen. Bussane utgjer berre rundt to prosent av køyretøya på brua, men fraktar likevel rundt 30 prosent av dei som reiser. Reknar ein med all trafikk, også yrkes- og anleggstrafikken, utgjer bussen rundt 25 prosent av dei reisande. På ettermiddagen mot Sotra er fordelinga nesten den same.

Målt i kor mange kilometer køyretøya tek opp av vegen, er skilnaden tydeleg: éin buss tek meir plass enn éin bil, men fraktar langt fleire menneske. Per meter veg fraktar bussen rundt åtte til ti gonger så mange personar som ein personbil. Om alle bilane i morgonrushet hadde stått på rekkje, ville dei dekt rundt 18 kilometer veg, medan bussane berre treng rundt 1 kilometer for å frakte sine passasjerar.

Kvifor er dette viktig?

Målet med prosjektet har vore å få betre innsikt i køyretøytypar, tungtrafikk, næringstrafikk og andre som ferdast på vegen.

— Denne kunnskapen gir fylkeskommunen eit betre grunnlag for å planleggje vegarbeid, kollektivtilbod og andre tiltak som påverkar trafikkflyten over Sotrabrua. Eit eksempel er Bergen Havn, som planlegg å flytte verksemda frå Dokken i Bergen til Ågotnes på Sotra. Då kan det vere nyttig å vite kvar tungtrafikken går mot Sotra i dag, og korleis han endrar seg framover, seier Solberg.

— Bilistar kan også bruke informasjonen til å leggje reisa utanom dei tettaste tidspunkta, eller vurdere om bussen, som går omtrent kvart tredje minutt i rushtida, kan vere eit alternativ nokre dagar i veka.

Tala er henta frå kamerabasert trafikkteljing på vestsida av Sotrabrua. Dei stemmer med Statens vegvesen sine eigne målingar, innanfor rundt to prosent. Talet på personar per bil er ikkje målt direkte på brua, men henta frå den nasjonale reisevaneundersøkinga, som kartlegg korleis folk reiser i Noreg.