Nesten ti millionar til kulturbygg i Vestland

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har vedteke å løyve 9 903 000 kroner til ombygging og rehabilitering av kulturarenaer i 15 kommunar.

illustrasjon av Sentralbadet scenekunsthus i Bergen
KULTURBYGG: Hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte nesten 10 millionar i spelemidlar til kulturbygg denne veka, blant anna 2 mill. kr til Sentralbadet scenekunsthus i Bergen, som skal sjå slik ut når det er ferdig. (Illustrasjon: HLM Arkitekter)

Til saman 15 kulturbygg får støtte, alt frå store bygg som Sentralbadet scenekunsthus i Bergen og Florø kulturhus i Kinn til ungdomshusa blant andre på Tysnes, i Jostedal og Hyllestad.

– Desse kulturbygga er viktige møtestadar i lokalsamfunna som saman er Noregs leiande kulturfylke Vestland. Vi ser at behovet og potensialet er langt større enn ramma vi har fått frå staten. Vi jobbar difor for at Vestland får meir til fordeling i denne ordninga framover, i tillegg til alt vi brukar av eigne midlar til kulturbygg, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Hovudutvalet fordelte midlane, som er spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet, i møtet 16. september.

Desse kulturbygga får tilskot

Kommune

Søkjar

Anleggsnamn

Tilskot

Askøy

Askøy kommune

Kleppestø idrettspark, kultursal

1 239 000

Bergen

Bergen kommune

Sentralbadet scenekunsthus

2 000 000

Etne

Skakke SA

Skakkesenteret kulturhus

750 000

Fjaler

Vener av Nilsbua

Nilsbua

102 000

Hyllestad

Øen grendalag

Sørbøvåg ungdomshus Vonheim

189 000

Kinn

Kinn kommune

Florø kulturhus

750 000

Kvinnherad

Fjelberg bygdalag

Fjelberg bygdahus

380 000

Lærdal

Frilund ungdomshus / Lærdal ungdomslag

Lærdal ungdomshus, Frilund

484 000

Luster

Jostedal ungdomslag

Dølaheimen

579 000

Solund

Solund kommune

Solund ungdomsskule

500 000

Stad

Hennebygda samfunnshus

Hennebygda samfunnshus

345 000

Stord

Stord kommune

Nysæter ungdomsskule, kulturbygg

800 000

Sunnfjord

Sunnfjord kommune

Førdehuset

585 000

Tysnes

Tysnes ungdomslag

Vonheim ungdomshus

500 000

Vik

Vik ungdomslag

Vikjahalli

700 000

 

Vestland fylkeskommune fekk i år eit rammebeløp på 8 841 000 kroner frå Kultur- og likestillingsdepartementet, og har i tillegg nytta rentemidlar og avsette klagemidlar for å auke potten til 9 903 000 kroner. Det vert sett av 67 855 kroner til eventuell klagebehandling for 2026.