650 000 kroner til livreddande tiltak langs vegen
Pengane skal gå til meir rekkverksarbeid og betre refleksbruk, to tiltak som kan redde liv på fylkesvegane.
Motorsyklistar er sterkt overrepresenterte i ulykkesstatistikken i Noreg. Tal frå 2025 viser at 111 personar omkom i trafikkulykker, 24 av dei var motorsyklistar. Ulykkesstatistikk frå Statens vegvesen viser at ulykker med motorsykkel på fylkesvegane utgjorde 22 til 28 prosent av alle utforkøyringsulykker i Vestland i perioden 2020 til 2024.
450 000 kr til MC-arbeid
Hovudutval for samferdsel og mobilitet omdisponerte i møtet 16. september 650 000 kroner i trafikktryggingsbudsjettet. Bakgrunnen er at det kom inn færre søknader enn venta til tilskotsordninga «Tilskot til kommunale trafikktryggingsplanar». Dette har ført til eit mindreforbruk på budsjettposten, og no skal dei unytta midlane bli brukt der behovet er størst:
• Arbeidet med å få fleire til å bruke refleks får 200 000 kroner
• MC-arbeidet i Vestland får 450 000 kroner
Kan redusere skadeomfang
Rekkverk er eit avgjerande tiltak for å redusere skadeomfanget ved utforkøyringsulykker. Vestland fylkeskommune har i dag eit stort etterslep på vedlikehald og oppsetting av nye rekkverk på fylkesvegnettet. Underskinne på stålrekkverk og gjerde over betongrekkverk er tiltak som kan redusere skadegraden i ulykker der ein motorsyklist køyrer på rekkverket.
— Motorsyklistane er blant dei mest sårbare trafikantane våre, og statistikken syner at vi må gjere meir for å hindre alvorlege utforkøyringsulykker. Med denne omdisponeringa kan vi setje i gang meir målretta rekkverksarbeid på strekningane der risikoen er størst. Dette er pengar som kjem godt med i eit arbeid som handlar om å redde liv, seier Arve Helle, leiar i hovudutvalet.
Fleire brukar refleks i Vestland
Talet på fotgjengarar som brukar refleks har auka i Vestland, frå 41 prosent i 2023 til 48 prosent i 2024, medan trenden nasjonalt går i motsett retning. Refleks er eit enkelt og godt dokumentert trafikksikringstiltak. Ein fotgjengar med refleks kan synast frå opptil 140 meter, medan ein fotgjengar utan refleks berre er synleg frå om lag 25 til 40 meter i mørket.
— Det er svært gledeleg at fleire i Vestland har teke refleksbruken på alvor, i ei tid der den nasjonale trenden faktisk peikar feil veg. No ønskjer vi å halde fram dette gode arbeidet, slik at endå fleire mjuke trafikantar blir sett i mørket, seier Helle.
Midlane er knytt til ansvarsområdet til trafikktryggingsutvalet og satsingsområda i Handlingsprogram for trafikktrygging i Vestland. Trafikktryggingsarbeidet er også ein del av Utviklingsplan for Vestland 2024–2028. Der blir tryggleik peika på som ein viktig føresetnad for at fleire skal velje å gå eller sykle, og for at lokalsamfunn skal opplevast som attraktive og trygge stader å bu.