Lysstolpar kan gi falsk tryggleik

Vestland fylkeskommune vil fjerne enkeltståande lyktestolpar langs fylkesvegnettet for å betre trafikktryggleiken og redusere lysforureining.

Einsleg lyktestolpe langs ein smal veg. Bak lyktestoplen er det grønt gras og grøne trær.
I nokre tilfelle vil lys verke mot sin hensikt. Illustrasjonsfoto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

Det høyrest kanskje litt rart ut at mindre lys kan gjere vegen tryggare. Vi er vane med å tenkje at lys gir oversikt og tryggleik, og mørke det motsette. Men når lys står aleine langs vegen, kan effekten faktisk bli motsett av det vi trur.

Slike isolerte lyspunkt skaper sterke kontrastar mellom lys og mørke. Det kan opplevast som blendande for trafikantar, og gjer det vanskelegare å oppfatte kva som skjer i dei mørke områda rundt.

To bilde tatt på same stad langs ein veg. Langs vegen står ein person i nærleiken av ein lyktestolpe. Personen er lettare å sjå med langlys frå ein bil, enn når lyktestolpen er tent.
FALSK TRYGGLEIK: Sterke kontrastar mellom lys og mørke gjer den mørkkledde personen på biletet til høgre vanskeleg å sjå etter siste veglys. Personen er meir synleg i mørket med langlys på bilen. Illustrasjonsfoto: Namir Al-Rubaie/Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune tek no grep for tryggare vegar og meir berekraftige løysingar. Eitt av tiltaka er å fjerne enkeltståande lampepunkt, einskilde lysstolpar som står åleine utan samanhengande vegbelysning.

– Målet vårt er tryggare vegar. Då må belysninga vere heilskapleg og føreseieleg. Enkeltståande lampepunkt kan gi ei misvisande kjensle av tryggleik, og samstundes gjere mjuke trafikantar mindre synlege i trafikken, seier Adrian Kasin, prosjektleiar for elektro i Vestland fylkeskommune.

Mindre lysforureining

Fylkeskommunen understrekar at det viktigaste tiltaket for å vere synleg i trafikken, alltid er bruk av refleks, også på vegar med fullverdige veglysanlegg.

Sterke kontrastar mellom lys og mørke gjer at ein mørkkledd person kan bli vanskeleg å oppdage med eit enkelt veglys. Erfaringar viser at personen kan vere meir synleg i jamt mørke med langlys frå bil, enn i området rett etter eit isolert lys.

Tiltaket gir også viktige miljøgevinstar. Mindre bruk av kunstig lys bidreg til å redusere lysforureining, som elles kan påverke natur, dyr og insekt negativt. Samstundes blir nattehimmelen betre bevart.

Startar i fleire kommunar

Arbeidet med å avvikle enkeltståande lampepunkt på fylkesvegnettet startar i juni 2026 i kommunane:
•    Bjørnafjorden
•    Kvinnherad
•    Ullensvang
•    Eidfjord
•    Kvam
•    Sunnfjord

Tiltaket blir gjennomført i samband med planlagd oppgradering av veglys i Hardanger. Andre område vil bli vurderte fortløpande.