Klima- og miljøprisen for landbruket til John Geir Sperle og Ellen Kynningsrud i Luster
John Geir og Ellen får prisen for arbeidet dei gjer på garden i Jostedalen, og som gode ambassadørar for næringa.
Klima- og miljøprisen for landbruket 2026 vart delt ut på Landbrukskonferansen på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde 22. september.
John Geir Sperle og Ellen Kynningsrud driv gard i Jostedalen i Luster kommune, inst i Sogn. Dei har i gjennomsnitt 120–130 storfe, av desse om lag 50 mjølkekyr.
Dei får prisen for arbeidet sitt med friske kyr som har god fruktbarheit og høg avdrått. Saman med god drift av jorda bidreg dette til lågt klimaavtrykk.
Deler prisen med næringa
– Vi vart skikkeleg overraska over å bli nominerte. Vi tenkjer sjølve at vi driv ganske konvensjonelt og normalt, så å bli nominert til ein miljøpris var uventa. Det er flott å bli lagt merke til og sett pris på, seier Sperle om prisen.
Han ynskjer å dele utmerkinga med heile næringa:
– Ein slik pris er ein honnør til heile bondenæringa og viser at normal, god jordbruksdrift faktisk kan vere god miljøpolitikk. Dei fleste driv allereie godt, og eg håpar prisen kan bidra til å ufarleggjere miljøkrava litt.
Gode på å utnytte beiteressursar
Juryen legg blant anna vekt på arbeidet John Geir og Ellen legg ned i å nytte beiteressursane optimalt. Dei har sinkyr og ammekyr med kalvar og ungdyr, på beite nær fjøsen, på to stølar og i utmarka. Mjølkekyrene går ut og inn som dei vil i sommarhalvåret.
Aktiv bruk av beite gjev auka karbonbinding og tek vare på biologisk mangfald. Ammekyr av rasen Angus treng lite kraftfôr for å vekse og er gode til å gjere gras om til kjøt. Dei har i snitt 1,5 kalvar med seg på beite, eigne kalvar og fosterkalvar kryssa med NRF. Kryssingskalvane bidreg til auka kjøtproduksjon og redusert klimaavtrykk per kg kjøt.
– Står du i ro, går du eigentleg bakover
John Geir og Ellen er bevisste på at god drift gjev lågt klimaavtrykk. Dei er heile tida på jakt etter å finne forbetringsområde og brukar klimakalkulatoren og rådgjeving for å nå måla sine.
– Det ligg litt i naturen min å heile tida søkje utvikling. Står du i ro, går du eigentleg bakover. Vi jaktar på utviklingsmoglegheiter, prøver å auke produksjonen på dyra og finne utstyr som utnyttar gjødsla betre. Vi ser òg på tilleggsnæringar som turisme, skog og bioenergi, og produserer ein god del av energien sjølve, fortel Sperle.
Flisfyring frå eigen skog
Fjøsen på garden er bygd i tre og har naturleg ventilasjon. Det gjev eit godt inneklima også i lange kuldeperiodar, og gjer at det er stille i fjøsen.
Flisfyring med virke frå eigen skog syter for varme til to hus og liggeplassen til kalvane. Dette er miljøvenleg og god ressursutnytting som bidreg til ope landskap, karbonbinding og godt artsmangfald.
Meir miljøvenleg gjødsling
God agronomi legg til rette for gode avlingar og god fôrkvalitet. Husdyrgjødsla blir spreidd ved hjelp av slange- og stripespreiar. Dette reduserer tap av nitrogen i form av ammoniakk og lystgass, gjev behov for mindre mengd innkjøpt gjødsel og hindrar jordpakking.
Presisjonsutstyr blir brukt til å spreie innkjøpt gjødsel. Dette sikrar optimal bruk.
Klima- og miljøprisen for landbruket er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland. Leiar av hovudutval for næring, Sigrid Brattabø Handegard, delte ut prisen, eit diplom, ein gåvesjekk på 30 000 kroner og blomar.