Vossa Jazz-prisen til Michael Barnes

Barnes er ein ettertrakta medspelar i mange prosjekt. Han har markert seg som komponist og leiar av eige band, i tillegg til at han stadig set i gang nye prosjekt og engasjerer seg aller mest for storband-universet.

PRIS: Prisvinnar Michel Barnes saman med fylkesordførar Jon Askeland og festivalsjef Roger Urhaug. (Foto: Runa Andersen/Vossa Jazz)
PRIS: Prisvinnar Michel Barnes saman med fylkesordførar Jon Askeland og festivalsjef Roger Urhaug. (Foto: Runa Andersen/Vossa Jazz)

– Årets prisvinnar er ein av dei mest aktive og hardtarbeidande musikarane i fylket. Han fungerer også som eit særs godlynt lim og er ei evig inspirasjonskjelde for jazz- og musikklivet i både Bergen og heile regionen. Det er ei stor glede og ære å overrekke årets Vossa Jazz-pris til ei levende inspirasjonskjelde og drivkraft, musikalsk leiar for Bergen Big Band, dirigent og musikalsk leiar for Storband 90 og Fana Storband, vår eigen «aussie», Michael Barnes, sa fylkesordførar Jon Askeland, som delte ut prisen under Vossa Jazz laurdag 12. april.

Prisen er på 50 000 kr og eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat.

Fylkesordførar Jon Askeland gratulerer musikar Michael Barnes med Vossa Jazz-prisen.
Vossa Jazz-prisen vart tradisjonen tru delt ut før tingingsverket på laurdagen under festivalen. (Foto: Runa Andersen/Vossa Jazz)

Igangsetjar

Barnes kjem altså eigentleg frå Australia, men har budd lenge i Bergen, der han er med i ei rekke musikalske prosjekt. Han spelar saksofon, klarinett og fleire andre instrument. I tillegg er han komponist, arrangør og musikalsk leiar. 

Han er kjend for evna si til å setje i gang nye prosjekt, der han gjerne involverer både nasjonale og internasjonale aktørar. Han er involvert i mange prosjekt, særleg innan storband-segmentet, som til dømes Klubb Kavaler, der amatørstorband møtast ein gong i månaden for å spele storband-swingmusikk det går an å danse til.

Grunngjevinga til juryen.

Årets prismottakar er ein av dei mest aktive og hardtarbeidande musikarane i fylket. Hen fungerer også som eit særs godlynt lim og ei evig inspirasjonskjelde for jazz- og musikklivet i Bergen og heile regionen. Vedkommande er ein typisk igangsetjar og nyskapar, også som arrangør, som aldri har lært seg tydinga av ordet nei. Som musikar trakterer vedkommande det meste innan treblås, og litt messing, og er ein svært ettertrakta medspelar i alle slags prosjekt. Hen har også markert seg som komponist og leiar av eigne band, med kritikarroste utgivingar, og hen er sannsynlegvis Vestlandets mest habile note-arrangør for alle slags instrumenteringar i alle aldrar, og (gjerne store) besetningar.

Årets prismottakar har bustadadresse i Bergen, men er globalt musikkinteressert og -involvert, og har eit enormt kontaktnett, også internasjonalt. Kombinert med ei grenselaus musikalsk nysgjerrigheit og tidlegare nemnde manglande evne til å seie nei, endar hen ofte opp med å setje i gang nye prosjekt, som gjerne involverer internasjonale storleikar, og gjerne innan storband-segmentet, som konseptet Klubb Kavaler, der amatørstorband ein gong i månaden speler dansbar storband-swingmusikk.

For det er utvilsamt storband-universet som ligg hjartet aller nærast for årets prismottakar, og hen har bidrege som solist, instruktør og dirigent i seminar- og konsertsamanheng for praktisk talt alle storbanda til distriktet. Hen fekk i 2022 høgst fortent Storbandprisen til Norsk jazzforum for det sterke engasjementet sitt og enorme innsats på feltet, og har sidan på ingen måte trappa ned innsatsen.

Det er ei stor glede og ære å overrekkje årets Vossa Jazz-pris til ei levande inspirasjonskjelde og drivkraft, musikalsk leiar for Bergen Big Band, dirigent og musikalsk leiar for Storband 90 og Fana Storband – vår eigen «aussie» – MICHAEL BARNES!