Rekordmange vel yrkesfag i Vestland
Det er i alt 21301 registrerte søkjarar med ungdomsrett frå Vestland fylke til dei vidaregåande skulane. Det er ein auke frå i fjor, då søkjartalet var 20696.

Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 3. mars. Aldri før har så mange valt yrkesfag som sitt primærønske på vg1.
Yrkesfag framleis mest populært i heile fylket
60,3 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år yrkesfagleg utdanningsprogram som sitt primærønske. Dette er ein auke frå i fjor då talet var 58,4. I inntaksområdet stor-Bergen har 54 prosent av ungdomane yrkesfag som sitt primærønske.
Størst auke av søkjarar til helse- og oppvekstfag og teknolog- og industrifag.
Det yrkesfaglege utdanningsprogrammet som opplever prosentvis størst auke i primærsøkjarar til vg1 er frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Helse- og oppvekstfag og teknologi og industrifag har størst auke i tal på søkjarar. Utdanningsprogrammet elektro og datateknologi har i år ein nedgang i tal på søkjarar.
Færre søkjarar har studiespesialisering som første ønskje
Av dei studieførebuande utdanningsprogramma det er størst nedgang av primærsøkjarar til studiespesialiserande og idrettsfag. Det studieførebuande utdanningsprogrammet som har størst auke i tal på søkjarar er musikk, dans og drama.
Auke i søkjarar til læreplass
Det er i alt 2913 som no søkjer læreplass i Vestland fylke. 2419 av desse søkjarane har ungdomsrett.
Dette er ein auke frå i fjor, då tala for dei med ungdomsrett var 2394 og totalt søkjarar til læreplass var 2869.
Auke i fortrinnsrettsøkjarar og minioritetssøkjarar
Det er i år fleire som søkjer om inntak med fortrinnsrett til Vg1. Auken her er på 11, 6 prosent. Det er og ein auke søknadar om tilbod til minoritetsspråklege på 14,1 prosent.
Plan for inntak til vidaregåande skule for skuleåret 2025/26
- 8. juli: første inntak.
- 15. juli: svarfrist første inntak.
- 23. juli: andre inntak.
- 30. juli: svarfrist andre inntak.
- 11. august: tredje inntak.