Fylkesordføraren med klare oppmodingar til stortingskandidatane

Økonomiske prioriteringar og klimaomstilling var to av temaa i talen fylkesordføraren held til fylkestinget i Florø 17. juni.

Fylkesordførar Jon Askeland
FYLKESTING: Fylkesordførar Jon Askeland opnar kvart fylkesting med ein tale til forsamlinga. Årets junimøte er i Florø kulturhus, og fylkesordføraren nytta blant anna høve til å adressera dei i forsamlinga som stiller til val til stortingsvalet til hausten. (Foto: Hilde Joranger Mæland/Vestland fylkeskommune)

Oppdraget mitt for fylkeskommunen byr på somme overraskingar, og lite tenkte eg at det å ha ei helsing til sjølvaste Havforskingsinstituttet si storsamling skulle skje til vill jubel og AC/DC sin «Are you ready» på veg inn på scena sist veke. Eg slapp å dra refrenget, og skal heller ikkje spørja om fylkestinget er ready for a good time, men me er her for å gjera jobben for folket, og ha det kollegialt godt saman.

Uansett musikksjanger, så er me det fremste kulturfylket, og på ei veke har me opna to framifrå formidlingssenter ved Holvikejekta og Hardanger fartøyvernsenter – midt i festivalsesongen – begge med to av dei tyngste fylkeskommunale løyvingane til regionale kulturbygg. To viktige bygg, som byggjer samfunn i kulturminneformidlinga. Gratulerer!

Men eg vil bruka fylkesordførar sitt høve til å drøfta tankar med fylkestinget, med nokre meldingar inn mot stortingsvalet. Derfor litt tyngre tale enn de ofte høyrer frå meg, men det kjem noko optimistisk til slutt. Fint med synspunkt på nokre av problemstillingane eg dreg opp.

CO2-mengda i atmosfæren har no passert ei kritisk grense, klimakrisa aukar. Noreg bidreg, kuttar for lite og slepp aller billegast unna konsekvensane. Våre plager med meir styrtregn, forsvinnande isbrear og mildare klima er småtteri mot konsekvensane av tørke og hetebølgjer. Hetebølgjer er i ferd med å bli ei av dei største dødsårsakene sør i Europa. Det var den skremmande bodskapen til Tore Furevik på Bjerknessenteret sist veke, i helsingstalen til landets fremste tannlegekompetanse, som den dyktige tannhelseavdelinga i Vestland var vertskap for i år. Dei held seg til tennene, men dei sette innleiingsvis møtet i eit større perspektiv – det er det bra at alle gjer.

Eg er bekymra for at i vårt heimlege ordskifte, så viker klimakrisa for naturkrisa, med dei konsekvensane at både klima og natur kan bli forverra. Fordi desse krisene heng saman, og dersom me ikkje gjer dei rette, men upopulære tiltaka, får seinare generasjonar det verre. Vestland treng meir fornybar energi, og særleg hastar det med meir nett raskt, elles misser me bedrifter. Det nye Stortinget må sikra rask handling, og eg meiner at den nasjonale nettstrategien må endrast og styrkja bruken av sjøkablar utan at svaret vert lokale anleggsbidrag for å gjera det.

Eg uroleg for at krisa hjå Brødrene Aa i Hyen og Eikefjord medfører stopp i teknologiskiftet. Styreleiaren i Brødrene Aa var i ein telefonsamtale med meg før helga overtydeleg på at nullutsleppsbåtar på korte distansar er hyllevare, men teknologien er ikkje klar på lengre distansar. Me må ha hybrid for å ha stor nok fart, og ein saktegåande hurtigbåt er ingen hurtigbåt. Det beste må ikkje bli det godes fiende, og eg etterlyser eit storting som sikrar at staten risikoavlastar næringslivet på området. Teknologiskiftet går seinare enn dei politiske ønska vil. Og sidan me er i Florø – det var ikkje eitt raudt flagg som vifta i prosessen med kjøp av nye båtar i Florøbassenget.

Me sjølve må innrømma at me er snart ein heil generasjon folkevalde i landet vårt som spissformulert ikkje har erfaring med prioritering i betydninga kutt. Dei siste tjue åra har me løyst dei fleste problema med meir pengar, trass kjeft om at det alltid er for lite og for seint.

No bremsar pengestraumen til kommunesektoren, og gradvis innser me at største mangelen er mangel på folk i yrkesaktiv alder, kombinert med meir pengar til forsvar og tryggleik, som på Haakonsvern gjev rekordhøge investeringar. Eg meiner klart at det er først og fremst i staten det må sparast – ikkje i våre kommunar og fylke. For det kan utfordra tillitsrelasjonane i samfunnet om det nære forsvinn. Men det vert innsparingar framover, me kjem ikkje utanom det.

Folk og folkevalde har kjempa fram ulike ordningar, som skal tena folket. Det er jo kjernen i politikken. Ferjeavløysingsordninga er ei slik ordning. Fylkestinget kjem nok til å byggja landet vidare, og sikra at dei 450 innbyggjarane på Atløy skal sleppa ferjeturen. Dette står i ein lang og god tradisjon i landet vårt.

Men ferjeavløysingsordninga er krevjande for Vestland fylke, på grunn av gjeldstyngda vår. Me har alt seks milliardar meir i gjeld enn det som er tilrådd som maksimumstaket. Når me legg to milliardar til oppå denne gjelda, så passerer me straks 110 prosent, og alle veit at når ein tek opp lån, så må gjelda betenast før ein brukar resten av pengane. Med 6–8 milliardar meir gjeld enn tilrådd, har me om få år ein halv milliard mindre til drift av fylket.  

Me er det storbyfylket med størst gjeld knytt til byvekstavtalen, og det er krevjande å bera renterisikoen for statleg finansiert infrastruktur. Me må òg byggja meir skulekapasitet i Bergen og oppgradera nokre til. Det er også nokre store rassikringsprosjekt som hastar. I tillegg er det skapt forventningar om fleire ferjeavløysingsprosjekt. Godtfolk, me har eit problem. Me legg ei kjempemessig gjeldsblokk framfor oss, som kan utfordra både drift og store og små investeringar i åra som kjem. Eg meiner at fylka gjennom KS må dokumentera og drøfta gjeldsproblematikken for fylka, og betre fordela risikoen mellom fylke og stat på ordningane og fylka si evne til gjennomføring utan at andre tenester vert skadelidande.

For på kollektivsida ser eg signal på vilje til meir statleg finansieringsansvar, så det er håp i hengande snøre. Det er kjekt å ta med, når me 22. juni kan feira 15 års bybanesuksess i Bergen – den tek no 1/3 av kollektivreisene i fylket.

Stortinget må sikra fellesgoda! Og utdanning er den viktigaste investeringa eit samfunn kan gjera. Psykisk uhelse og fleire i yrkesfag krev meir pengar til fylka frå det nye Stortinget. Kultur er også eit viktig fellesgode, og endeleg er det slik at i Noreg er ikkje arbeidsløyse det samfunnsøkonomiske problemet, men å få inn dei som står utanfor. Stortingskandidatar, lukke til med viktig oppdrag for oss!

Så vil eg takka for støtta til å etablera Forsvarsforum, og debatten kan me ta i saka.

Lesinga av årsmeldinga er ei flott understreking av det eg gler meg mest over kvar bidige dag: Takksemda over alle våre fantastisk dyktige tilsette i alle deler av organisasjonen vår.  Fylkesdirektør – du har bygd eit fantastisk lag, som eg er så takknemleg for. Ja, det gjer meg glad å sjå dyktige menneske ta ut sitt beste og jobba saman i tenesta vår. Eg helsar våre tilsette frå oss!

Godt vestlandsting her i vakre Florø.

Då gjer eg ordet til fylkesdirektøren, og høyrer kva surprises du dreg opp av hatten til oss i dag.

Fylkesordføraren heldt talen sin til fylkestinget før fylkesdirektør Rune Haugdsdal heldt talen der han annonserte at han gir seg i stillinga. Fylkesordføraren kommenterte såleis ikkje avgangen i talen sin.