209 millionar i driftstilskot innan kultursektoren
Institusjonar og organisasjonar i fylket får i 2025 til saman 209 millionar kroner i driftstilskot frå Vestland fylkeskommune. Det er 14,3 millionar meir enn i fjor, i det som hovudutvalsleiaren omtalar som «tidenes kulturbudsjett».
Fylkeskommunen fekk inn 218 søknadar om driftstilskot for 2025, der det er søkt om totalt 286,6 millionar kroner.
Bidreg til stor innsats
– Det er ei sentral oppgåve for fylkeskommunen å bidra til ein aktiv, skapande, mangfaldig og inkluderande kultursektor i Vestland. I tillegg til omfattande prosjektstøtte som blir fordelt gjennom året, bidrar driftstilskot til ein stor og viktig innsats rundt om i heile fylket, seier Jacob Nødseth, leiar av hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Aktørane som har søkt driftstilskot, har ei samla omsetning på omlag 2,3 milliardar kroner, pengar som kjem innbyggjarane til gode når det gjeld kultur, idrett, folkehelse og inkludering. Bidrag frå fylkeskommunen, saman med anna støtte frå det offentlege og private realiserer såleis ei stor verdiskaping både økonomisk og i eit breiare samfunnsperspektiv.
822,9 millionar til kultur, idrett og inkludering
Fylkestinget vedtok i desember i fjor budsjettet for 2025, der det vart sett av til saman 822,9 mill. kr til sektoren kultur og folkehelse, noko som er meir enn nokon gong. 14. januar disponerte hovudutval for kultur, idrett og inkludering midlane internt i sektoren, og ikkje minst fordelte utvalet driftstilskota for 2025.
Mellom aktørane som får driftsstøtte er alt frå store aktørar som KODE (som får eit særskilt løft) og dei andre musea, ulike kulturfestivalar, og organisasjonane innan idrett og friluftsliv og frivillig sektor, til dømes friluftsråd, folkeakademiet, kor- og korpsforbund.
Driftstilskota utgjer om lag 25 prosent av budsjettet som vert forvalta av hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Tidenes kulturbudsjett
– Driftstilskota er særleg viktige fordi dei er med og sikrar føreseielege vilkår og rammer for aktørane. Vi har klart det mange andre som yter tilskot ikkje klarer, nemleg å fullt ut kompensere for løns- og prisvekst. Det er viktig i den dyrtida vi lever i, for å trygge kulturen sjølv, idrettsglede, folkehelsetiltak og inkludering. Det er viktig for dei som arbeider i sektoren og dei som skal ha glede av tenestene desse yter. Budsjettet vårt gjev oss meir handlingsrom enn tidlegare til å støtte prosjekt og tiltak gjennom ei rekke tilskotsordningar som vi kjem tilbake til gjennom 2025, seier Nødseth.
På bestilling frå eit samrøystes hovudutval er administrasjonen i fylkeskommunen i gang med ein gjennomgang av korleis fylkeskommunen riggar drifts- og prosjekttilskot. Dette er eit arbeid som vil skje gjennom 2025, med faste kontaktpunkt i hovudutvalet. Målet er å bruke fylkeskommunale midlar til kultur, idrett og inkludering på best mogleg vis.
Driftstilskota frå fylkeskommunen blir delte ut årleg. Les meir om ordninga og korleis søkje tilskot på denne sida.